Hopp til innhold

Folk kan kjenne seg trygge

Nye prøver tekne av tilsette ved Eras Metall syner framleis låge kvikksølvnivå.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Konsentrasjonen av kvikksølv i blodet hjå dei tilsette på Eras Metall er på same nivå som resten av folkesetnaden i landet.

Testa på nytt

Tilsette ved Eras Metall, Statkraft og Hydro har vorte testa på nytt, skriv avisa Ytre Sogn. Testane syner verdiar mellom 5 og 20 nanomol kvikksølv per liter blod.

- Det er det normale, og det me forventar å finne hjå folk som ikkje har vorte eksponert. Så lenge verdiane er under 50 er det trygt, seier bedriftslegen ved Høyanger Bedriftshelseteneste, Alv Bjørnar Heggelund.

For at kvikksølv skal gje helseskadar må ein vanlegvis opp på eit nivå rundt 250 nanomol per liter.

Høgare nivå på Hydro

Medan dei tilsette ved Eras Metall og Statkraft har verdiar på rundt 10 nanomol per liter, har dei hydrotilsette verdiar på rundt 20. Årsaka kan vere at utsleppa frå Eras har kome inn via ventilasjonsanlegget til Hydro.

Skal fylgje med

Bedriftslegen seier dei vil fylgje med på kvikksølvverdiane når Eras startar opp att.

- Det me gjer no er at me tek urinprøvar frå alle tilsette ved Eras før dei startar opp, og så kjem me til å fylgje opp med nye prøvar etter ei stund, seier Heggelund.

Trygt med industri

- Det er vel ingen plassar her i fylket som er tryggare enn industriplassane. Dei blir jo målt og sjekka fleire gonger for året, seier ordførar i Høyanger, Kjartan Longva.