Hopp til innhold

Folk er einige; bensinen er dyr

Bensinsprisane i Norge har aldri vore så høge som no. Dette er noko mange bensinfyllarar i Førde har fått med seg.

Dyre dråpar

DYRE DRÅPAR: Anne Taraldset meiner at høge prisar går ekstra hardt utover dei i distrikta.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– For oss som bur i distrikta blir det ekstra ille i forhold til dei som bur sentralt. Bensinprisane er blitt frykteleg høge, seier Anne Taraldset.

Og dette er ho ikkje åleine om å meina. NRK tok seg ein tur til bensinstasjonane i Førde, og alle seier det same: veldig dyrt, for høge prisar, altfor høge... Bjarne Thuve seier det til og med tre gonger:

– Altfor dyrt, altfor dyrt, altfor dyrt.

Bensinen er dyr, noko som gjer at eg tenkjer meir i gjennom kva tid eg brukar bilen.

Kristian Grimeland

Bensinprisane akkurat no

DYR BENSIN: Nokre stader i distriktet er prisane endå høgare.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Positive sider

Sjølv om mange er frustrerte er det også nokon som finn positive sider ved dei dyre prisane:

– Det kan jo vera oppdragande med tanke på at vi nok køyrer litt for mykje, seier Borghild Skadal Midttun.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stor etterspurnad

Uro i andre deler av verda er med på å auka prisane her i Norge.

– Det er mange ting som spelar inn, men i hovudsak går dette på at tilbodssida ikkje veks i same tak som etterspurnaden frå fleire store land, seier oljeanalytiker Torbjørn Kjus i DnB NOR Markets til NRK.

Litt i meste laget

Dette gjer at prisen i Førde i dag var nesten 14 kroner, og andre stader har han nærma seg 15.

Vil ikkje skifta bil på grunn av bensinprisane

BENSINSLUK: Vigdis Mikalsen vil ikkje bytte bil for å spare pengar.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Vigdis Hellevang Mikalsen må smugkikka litt for å sjekka prisen, og blir overraska over det ho ser.

– Det var litt i meste laget. Men eg har ikkje lyst til å skifta bil berre fordi han brukar ganske mykje bensin. Eg likar bilen min, seier den fornøgde Subaru-eigaren Mikalsen.

Altfor høge, men vi må nok berre leve med dei. Eg køyrer åtte mil til jobb kvar dag, så det blir ein del pengar.

Torunn Espeseth
  • Kva meiner du? Sei di meining i kommentarfeltet under.