Hopp til innhold

Folk droppa nytt ferjesamband

Trafikken på fylket sitt nye ferjesamband Anda -Stårheim svikta i dag. Men så tok det seg opp.

Video Stengd E39 ved Lote

SJÅ TV-SAKA: Stenginga på E39 fekk betydelege konsekvensar for både store og små. Anders Rand Lote gjekk glipp av innskrivinga på skulen.

Ferjekaia på Lote er stengt på grunn av steinras, og Fjord1 har difor sett opp kriserute mellom Anda og Stårheim.

Ingen igjen på kaia

I føremiddag let bilistar seg truleg skremme av risikoen for lang ventetid og tok heller turen over omkøyringsvegen på Utvikfjellet. For på ferja MF Lote var det god plass på avgangane. Men torsdag kveld seier skipper Kjetil Sætre at trafikken har vore bra.

–Vi har hatt bra med trafikk, men ingen har måtte stå igjen på kaia. Vi har hatt mykje tungtrafikk. På avgangen klokka 21:45 var det fullt med trailerar og omlag 10 personbilar.

Ferja går heile natta med unnatak av ein pause mellom 04:30 og 05:30. Ferja går innom Lote ferjekai for dei som skal til Lote eller Hennabygda.

Stengd ved ferjekaien på Lote

E39 stengd ved Lote

STENGD: E39 er stengd ved Loteberget i Eid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Steinras på E39 ved Lote
Foto: NRK
Steinras på E39 ved Lote
Foto: NRK
Steinras på E39 ved Lote
Foto: NRK

Onsdag gjekk det eit steinras ved Loteberget og E39 har vore stengd sidan. Mannskap har jobba på spreng med å rydde, men har eit vanskeleg arbeid på grunn av det farlege rasområdet. Det er ei blokk på vel 200 kvadratmeter som står i fare får å rase ned på E39.

Dermed er hovudfartsåra nord-sør gjennom fylket stengd har sett ferjesambandet Lote- Anda ut av spel. Det er uvisst kva tid vegen kan opne att.

Håper å opne i morgon

Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens Vegvesen seier at ho ikkje kan seie noko om når vegen opnar att.

– Vi skal ha geolog på staden i morgon. Steinblokkene blir sprengde og det blir jobba med å få ned laus stein. Håpet er at vegen kan opna då, men den kan bli stengd lenger.

Har gått greitt over Utvikfjellet

Ein omkøyringsveg har vore fylkesveg 60 over Utvikfjellet. Trass i dårlege og vanskelege køyreforhold, meiner vaktoperatør Kai Jonny Bugjerde ved vegtrafikksentralen at trafikken har gått greitt.

– Vi har ikkje fått meldingar om store trafikkproblem der, seier han.

Ellers kan ha fortelle at riksveg 53 Tyin -Årdal og fylkesveg 50 Hol -Aurland vert nattestengde frå klokka 22.