Hopp til innhold

Følg Flåmsbana minutt for minutt

Søndag kveld kunne du oppleve ei spektakulær togreise i beste sendetid på NRK1. No kan du følgje Flåmsbana frå høgfjell til fjord i nett-TV.

Flåmsbana

Ulike kamera fangar naturen langs Flåmsbana i Sogn.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Togturen startar på Myrdal stasjon som ligg på 886 moh, og går ned til Flåm ved Sognefjorden. Turen med Flåmsbana blir av mange blir rekna for å vere verdas vakraste togreise.

Også frå lufta

Togturen er filma i HD med seks kamera, og det er gjengen bak «Bergensbanen minutt for minutt» som står bak den ein time lange togturen.

Det er også brukt helikopter og når toget køyrer inn i tunnelar får du til dømes sjå gamle filmsnuttar og høyre lydklipp frå då Flåmsbana vart laga.

Filma i 3D

Turen er også filma i 3D og du kan laste ned togreisa på nrkbeta.no. Dette er den første 3D-produksjonen til NRK, og er gjort i samarbeid med produksjonsselskapet Bugg.

På YouTube

Togturen ligg også på YouTube, men her får du berre frontkamera.