Hopp til innhold

Filmar Flåmsbana minutt for minutt

Hugsar du fjorårets TV-suksess frå Bergensbanen? No blir også turen på Flåmsbana filma i sin heilskap.

Flåmsbana

BLIR TV: NRK gjentek eksperimentet frå Bergensbanen - på Flåmsbana.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Ein kan vel seie at vi fekk blod på tann etter «Bergensbanen minutt for minutt», seier programsjef Rune Møklebust i NRK Hordaland.

I fjor zappa heile 1,2 millionar tv-sjårarar seg innom programmet då NRK2 viste truen med Bergensbanen - non stop -frå jernbanestasjonen i Bergen - til Oslo sentralbanestasjon.

Enorm respons etter Bergensbanen

I helga var eit kamerateam frå NRK Hordaland i Flåm for å gjere opptak av den spektakulære togturen frå Myrdal til Flåm stasjon på Bergensbanen. Ein tur som av mange blir rekna for å vere verdas vakraste togreise.

– Vi har aldri fått som mange tilbakemeldingar på eit program som etter Bergensbanen i fjor. Vi vart nedrente av sms-ar, e-postar og telefonar, fortel Møklebust.

Artikkelen held fram under biletet.

Flåmsbana

Programsjef Rune Møklebust (t.v), og Lars Lucas overvåkar Thomas Hellum som med ei heimesnikra løysing festar frontkameraet og lyskastar på lokomotivet.

Foto: Sindre Skrede / NRK

TV-sjåar trudde han køyrde tog

Ein 76-åring skreiv sågar på nettet at han etter over sju timar framfor tv-skjermen, reiste seg ved ankomt Oslo S for å finne fram bagasjen sin. Han kolliderte då med gardinstanga heime i stova...

– Eg har aldri i mitt liv sett noko betre på tv, skreiv den godt vaksne tv-sjåaren. Han var ein av 172.000 sjåarar som såg heile turen frå vest til aust.

Flåmsbana

MIKROFON: God toglyd er viktig for opplevinga.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Møklebust trur mykje av forklaringa er at opplevinga trigga.

– Det var eigentleg ein sprø idé som kom rundt lunsjbordet. Vi hadde laga eit par vanlege dokumentarar om Bergensbanen i samband med 100-årsjubileet, og fann ut at det hadde vore artig å filme heile turen. Og det vart jo enormt godt mottatt. Sjølv tunnelane fasinerte mange. Dei færraste har køyrt tog på denne måten sett frå lokomotivet, seier Møklebust.

Filma med seks kamera

Med lovnad frå Marienlyst om at programmet vil komme på TV, anten NRK1 eller NRK2, var det dermed berre å stje igang att for Møklebust og kollegaene frå Bergen.

– Laurdag filma vi heile Flåmsbana-turen med seks kamera. I tillegg vurderer vi å gjere opptak frå lufta med helikopter, fortel programsjefen som til saman har med seg sju mann på prosjektet.

Håpar på vidaresal til andre land

Tanken er å sende programmet i august, når det er 70 år sidan tyskarane opna Flåmsbana for godstransport til det tyske krigsmaskineriet. Året etter, i 1941 opna bana for persontrafikk.

Artikkelen held fram under biletet.

Flåmsbana

FRÅ ALLE KANTAR: Ulike kamera fangar den dramatiske naturen langs Flåmsbana inst i Sogn.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Trass lengda er «Bergensbanen minutt for minutt» alt selt til dansk TV, og svenskane snusae på programmet som så seint som i førre veke vart promotert på ei mediemesse i Budapest. Med ei lengd på ca ein time trur Møklebust at programmet frå Flåmsbana vil kunne gjere suksess langt utover landegrensene. I tillegg er Flåmsbana som turistmål godt kjent utanlands.

Tek gjerne fleire togturar

– Ein får se flotte kontrastar frå vår og grøne tre i Flåmsdalen til snø på høgfjellet ved Myrdal, promoterer Møklebust som går gjerne laus på fleire togprosjekt.

Thomas Hellum monterer kamera på lokomotivet til Flåmsbana

PROSJEKTLEIAR: Thomas Hellum er prosjektleiar og den som har ansvaret for teknikken i togprogrammet.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Dei neste åra står jubilea for dei ulike banene i kø. Eg må jo seie at Nordlandsbanen med sine 10 timar fristar. Ein må vere litt guttunge. Like å vere i sandkassa - og litt tognerd, ler Møklebust.

PS. NRK Hordaland også har fått med seg Bergens-selskapet BUG til å lage ein eigen 10 minutts versjon i 3D-format. Selskapet var i 2006 først i verda med å ta i bruk 3D-teknologi i ein reklamefilm. 3D-opptaka på Flåmsbana vart gjort vart gjort i april og vil etter kvart bli å finne på nrk.no.