Hopp til innhold

Føler seg framleis svikta av partiet

Etter dagens møte om kraftlinja i Hardanger tar Ulvik Ap opp att verva sine. SV i Ulvik har ikkje endra syn, og vil legga ned lokallaget.

Ulvik

I Ulvik vil Ap ta opp att verva sine, men det vil førebels ikkje SV.

Foto: Steinar I. Bergo

I midten av juli blei det kjent at Ulvik Ap la ned alle partiverv. SV sitt lokallag i kommunen vedtok å legga seg sjølv ned i protest og alle medlemmene ville melda seg ut av partiet. Vedtaket blei fatta i protest mot den planlagde kraftlinja i Hardanger .

Femten politikarar frå Hordaland var i dag i dialogmøte med statsminister Jens Stoltenberg i hovudstaden. Etter møtet blei det kjent at regjeringa no vil ha ein uavhengig gjennomgang av sjøkabel-alternativet i Hardangerfjorden.

Fram til 1. februar 2011 skal eksterne ekspertar gjennomgå dei forsyningsmessige sidene ved ein sjøkabel på kort og lang sikt.

LES OGSÅ: Det blir uavhengig gjennomgang

– Vil tettare med i prosessen

Ulvik Ap er nøgd med dette vedtaket og bestemte seg under eit telefonmøte tysdag ettermiddag for å ta opp att styreverva sine.

– Då me la ned verva kravde me at Stoltenberg måtte komma hit og sjå konsekvensane med eigne auge. Me reagerte også på prosessen, at sjøkabel berre var blitt vurdert og ikkje utgreidd, seier lokallagsleiar Kjartan Fjelde.

– Nå har me fått stadfesta at Stoltenberg kjem til Hardanger og sjøkabel skal utgreiast i ei ekstern gransking. Dermed er me fornøgde og me vil ta opp att verva våre. Når me tar opp att verva kan me også komma tettare med i prosessen, seier Fjelde.

– Korleis har folk i kommunen merka at de la ned verva?

– Saka fekk meir merksemd etter at me la ned verva. Me har jobba med denne saka også etter at me la ned verva, men me har ikkje jobba med andre saker og ingen administrative oppgåver er blitt gjort i denne perioden, seier Fjelde.

Granvin Ap la ned verva samstundes som Ap i Ulvik. Måndag vil lokallaget ha eit møte der medlemmene formelt vil setta inn styret igjen.

– Me reagerte på prosessen då vedtaket om luftkabel blei fatta. I dag er me nøgde, no har me blitt høyrt og vårt syn blir tatt omsyn til, seier leiar Bjørn Inge Folkedal.

Ekstraordinært møte på torsdag

Ulvik SV vedtok samstundes som Ap å legga ned verva. SV gjekk også eit steg vidare og medlemmene i lokallaget vedtok å melda seg ut av partiet.

– Halvparten av medlemmene meldte seg ut med ein gong, og resten varsla at dei vil melda seg ut, seier lokallagsleiar Bård Fleten.

For å få lagt ned SV sitt lokallag i Ulvik på eit ryddig måte blei det vedtatt at det skal gjerast på eit ekstraordinært årsmøte torsdag 12. august.

– Vil de gjere som Ap og ta opp att verva etter resultatet på møtet i dag?

– Vårt krav var at SV må gå ut av regjeringa og dette er framleis ikkje oppfylt. Me vil få ei fersk sak å diskutera på torsdag, men eg kan ikkje forskottera kva resultatet vil bli. Eg er glad for vedtaket som blei fatta i dag, men det har ikkje endra på noko i vårt forhold til SV. Eg har i alle fall ikkje endra syn etter regjeringa sitt vedtak, seier Fleten.

LES OGSÅ: Pakkar ikkje vekk lenkene enno