Av:
Arve Uglum /
Arne Eithun
Dagen i dag er det mange i Indre Sogn ikkje har sett fram til. For frå klokka 12 var fødeavdelinga på sjukehuset i Lærdal ein saga blott. No er det den nye fødestova som har teke over. Tida framover vil vise om det er grunnlag for frykta blant folk. Så langt ser det ut som om svært lite har forandra seg.
Inger Sofie Johannesen, leiar for fødestova, seier at dei no klarer å drive fødestova utan vikarjordmødrer frå Lofoten.