Hopp til innhold

Flora får utfordringar åleine

Flora kommune vil ikkje makte å halde oppe dagens tenesteyting i framtida dersom kommunen vel å stå åleine.
Det kjem fram i ein rapport frå PricewaterhouseCoopers i samarbeid med Telemarksforsking, skriv Firdaposten.

Etter det nye inntektssystemet som er føreslege, vil Flora tape 5,3 millionar kroner årleg dersom kommunen vel å stå åleine etter kommunereforma.

Flora-ordførar Ola Teigen er ikkje overraska over konklusjonen i rapporten.