Hopp til innhold

– Kongeriket Norge vassar i pengar, men kommunane slit økonomisk

Stryneordførar Sven Flo (H) vil ha eit distriktsopprør fram mot stortingsvalet til hausten. – Heilt feil veg å gå, meiner Jølster-ordføraren.

Sven Flo, ordførar i Stryn

– NORGE VASSAR I PENGAR: Sven Flo (H), ordførar i Stryn, meiner det er på tide med eit distriktsopprør.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Kongeriket Norge vassar i pengar, samstundes som mange kommunar og Fylkeskommunen slit økonomisk, seier Sven Flo (H), ordførar i Stryn.

Fleire vidaregåande skular er truga av nedlegging på grunn av pengemangel, og før jul vedtok mange kommunar svært stramme budsjett.

No vil Flo ha andre politikarar med på eit distriktsopprør fram mot stortingsvalet.

Vil ha opprør

– Me som politikarar i Sogn og Fjordane burde i større grad stå opp mot sentrale myndigheiter og bedt om meir pengar.

– Det er valkamp i år, og me bør starte eit distriktsopprør, seier han.

Flo meiner politikarane som sit på Stortinget må få opp auga, og at ein ikkje må vera redd for å gå inn i ein debatt om det at det trengst meir pengar for å realisere dei viktige prosjekta i fylka og kommunane i dag.

– Me må byrja å fortelja politikarane som sit på stortinget korleis den verkelege verda ser ut.

– Trur du andre lokalpolitikarar vil vera med i eit distriktsopprør fram mot valet?

– Ja, det trur eg. Eg snakkar med mange rundt meg som har dei same utfordringane som blant anna me har i vår kommune.

– Ikkje vegen å gå

Oddmund Klakegg

SKEPTISK: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp) er skeptisk til eit distriktsopprør.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men om han får med seg dei andre politikarane er ikkje ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), heilt sikker på.

– Det er lett å seia at me treng meir pengar. Me har mange gode prosjekt og tiltak å bruke pengar på, og eg seier gjerne ja takk til fleire kroner og øre, men om eit distriktsopprør er rette vegen å gå, det er eg ikkje sikker på, seier han.

Han peikar på at kommuneøkonomien er betre no enn den var førre gong det var ein borgarleg regjering.

– Kommuneøkonomien har vorte betre i den siste regjeringa. Då var det meir underskot og fleire ROBEK-kommunar, seier Klakegg.