Hopp til innhold

Flo trur formasjonsendring har litt å seie

Assistenttrenar Håvard Flo likte mykje av det han fekk sjå i Vestlandshallen fredag. Men han trur spelarane treng tid for å få til timinga.

Håvard Flo

SPENT: Assistenttrenar Håvard Flo er spent på kampane framover.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Det er ein kamp der Haugesund set preg på kampen frå starten av. Dei får også ei billeg scoring ganske tidleg. Men vi har ein del fine prestasjonar i kampen, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Også debuttrenar Jonas Olsson meinte laget hans hadde gjort mykje bra, trass i 3-0-tapet mot Haugesund i Bergen.

Tek tid å få til samhandling

Flo legg til at ein ser konturane av at laget har vore litt vant til å jobbe i ein femmar. I dag spelte laget i 4-4-2, og Flo ser ikkje vekk ifrå at det kan ha hatt litt å seie for utfallet av kampen.

– Det er ikkje gjort i ei handvending å gå over til å spele i ein firar. Det krevst litt timing i forhold til å få rytme og samhandling til å sitje. Men likevel, Haugesund er eit godt lag, seier Flo, og legg til at no er det berre å krumme ryggen og stå på.

– Vi har også mange nye og mange unge spelarar. Det vil ta litt tid før rytmen sit, seier Flo.

Mange fine prestasjonar av dei unge

Den nye spissen frå Sverige, Fuad Hyseni, hadde sin debutkamp. Han kom ikkje til særleg mange sjansar, men gjorde ifølgje Flo ein grei kamp.

– Vi skapte ikkje så mykje. Han stod på og jobba, men kom ikkje fram til nokon store målsjansar. Men han sprang mykje og er livleg, så vi får sjå i dei neste kampane, seier Flo.

Han fortel at Hannu Patronen gav jarnet som midtstoppar, og at Aase-brørne frå Florø også imponerte då dei var innpå.

– Det var mange fine prestasjonar av dei unge gutane, seier Flo.