Hopp til innhold

Tusenvis råka av dronekaos på Flesland – Inger og Magnus sitt fly utsett

Flyselskap melder om store konsekvensar etter at dronar stengde luftrommet over to flyplassar. Fleire enn 5000 reisande er råka.

Inger og Magnus Torsvik dronefast på Flesland

DRONEFASTE: Inger og Magnus Torsvik skulle eigentleg til Gran Canaria onsdag. Dei skal reisa fredag i staden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det var 04.45 i natt at politiet fekk melding om ein mogeleg observasjon av ein drone ved marinebasen Haakonsvern.

I tillegg til Forsvaret, vart og Bergen lufthavn Flesland varsla om observasjonane.

Like etter 06.30 stengde Flesland for flytrafikk. Trafikken opna opp att i nitida, men forseinkingane rammar tusenvis av passasjerar.

Fleire flyselskap melder om konsekvensar for reisande i både Noreg og utlandet.

  • Over 2000 reisande frå Widerøe er råka av utsette eller forseinka fly.
  • Minst 350 reisande frå Flyr får også forseinka fly til eller frå Alicante.
  • 2000 reisande frå SAS er råka.
  • I underkant av 1000 Norwegian-reisande er råka. Dei har kansellerte tre tur-returar mellom Bergen, Oslo og Trondheim. I tillegg er andre turar råka av forsinkingar.
Reisende i ventehall i Alicante rammet av dronestengt Flesland, mange sitter på benker på spansk flyplass

Nordmenn som skulle reise frå Alicante til Bergen sitt og ventar på ny avgang etter at flyet frå Bergen blei forseinka.

Foto: NRK-tipser

Flyselskap melder om konsekvensar

Inger og Magnus Torsvik skulle flyga til Gran Canaria via Oslo onsdag morgon, men vart «dronefaste» på Flesland. Dei skal no reisa på fredag i staden.

– Det er ikkje det kjekkaste. Me hadde jo planar om sol og varme i kveld, seier Magnus.

Sjøv har han meir tru på at det er snakk om tull og tøys, enn noko alvorleg.

– Men dei må gjera tiltak, det er klart, det skjønar eg, seier han.

Mulig droneobservasjon på Flesland

Mange venta i avgangshallen på Flesland onsdag morgon.

Foto: Cato Kristensen / NRK

2.000 Widerøe-passasjerar er ramma

Operativ sjef ved Bergen lufthavn Flesland, Øystein Skaar, ber reisande vera budde på forseinkingar.

– Kor mykje forseinking det blir avhenger av korleis flyselskapa løyser dette. Men når ein har ein slik stopp, får det vanlegvis følgjekonsekvensar utover dagen, seier Skaar.

Widerøe anslår at kring 2.000 passasjerar hjå dei er råka.

– Me har måtta booka om kring 1.400 passasjerar, og så er kring 600 passasjerar forseinka, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll.

Ho seier problema vil spreia seg ut frå Flesland, sidan flya frå Flesland også skulle ha reist andre stadar.

– Når slike ting som dette skjer, får det følgjekonsekvensar. Det vil forstyrra trafikken utover dagen. Når me får ei slik stenging i morgonrushet blir det ganske massivt, seier Brandvoll.

Flyr seier dei har fått over to timars forseinking for over 350 passasjerar.

Avlyste avgangar Flesland

Mange avgangar frå Flesland er utsett og kansellert onsdag morgon.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Politiet har sett minst ein drone

Politiet er sikre på at det dreiar seg om ein drone, men seier at det kan dreia seg om fleire.

– Situasjonen er normalisert. Me er over i ein etterforskingsfase. Politiet har ein beredskap for å fanga opp nye observasjonar, samtidig som me jobbar med å kartleggja dei observasjonane som er gjort, sa politiet sin innsatsleiar på Flesland, Ørjan Djuvik, då han informerte pressa klokka 10.

Ingen er mistenkte i saka. Den siste sikre observasjonen av dronen vart gjort av ein politipatrulje klokka ti på sju. Observasjonane er gjort på ulike høgder.

– Men at det er minst ein drone, det er me sikre på. Me har bilete og film. Ein observasjon er gjort i fjorden utanfor Flesland, seier Djuvik.

Politiet kjem ikkje til å dela bilete og video til pressa.

Politiet er usikre på om det kan vera vêrfenomen som er årsaka til andre observasjonar.

Åpningen av nye Bergen lufthavn, Flesland.

Observasjonar av dronar i natt stengde Bergen lufthamn Flesland i vel to og ein halv time onsdag morgon.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Også stadfesta observasjon i Førde

06.10 fekk politiet og melding om ein mogeleg observasjon av ein drone ved Førde lufthamn Bringeland.

Lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal stadfestar til NRK at det var ein drone som vart observert ved flyplassen i Førde, ikkje eit vêrfenomen.

Drona vart observert både av pilotar og flytårnet på flyplassen.

Politi ved Bringeland lufthamn

Ved Førde lufthamn Bringeland er det stadfesta at det var ein drone som vart observert i dag.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det er ikkje lov å flyga nærare enn fem kilometer frå lufthamner med dronar/RPAS eller modellfly.

Flyging innafor denne radiusen må avtalast med den lokale trafikktenesteeinga.

Droneforbodsssone rundt Flesland

Dette skjermdumpet viser fem-kliometersona der det er forbode å flyga drone rundt Flesland. Kontrollsona rundt Flesland i tillegg er markert med stipla blå linje.

Illustrasjon: Skjermdump / Avinor