Hopp til innhold

Ventar på eldrebølgja, ei yngrebølgje tek ressursane

Ei yngrebølgje slår innover kommune-Norge, samstundes som kommunane ventar på den store eldrebølgja. Det syner ein rapport frå KS.

Anne Berit Visnes og Otto Ravndal

HEIME HJÅ YNGRE BRUKAR: Heimesjukepleiar Anne Berit Visnes er heime hjå 52 år gamle Otto Ravndal.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

For 20-30 år sidan var dei kommunale pleie- og omsorgstenestene i hovudsak ei eldreomsorgsteneste, men i dag er det yngreomsorga som krev mest ressursar.

Pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes i Sogn og Fjordane er uroa over utviklinga.

– Det at dei har oppbemanna for den yngre gruppa må ikkje gå ut over tilbodet til dei eldre brukarane, det er vårt hovudfokus.

Lisa Førde Refsnes

UROA OVER UTVIKLINGA: Pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Ein rapport frå KS viser ein kraftige auke i bruken av heimetenester dei siste 20 åra, der mest ressursar går til dei yngre brukarane (under 67 år), samstundes som det samla tilbodet til dei aller eldste (over 80 år) har blitt redusert.

Tek halvparten av budsjettet

I Førde kommune merkar dei godt til den veldige yngrebølgja. Her brukar kommunen om lag halvparten av heimetenestebudsjettet på den yngre brukargruppa, ei gruppe som utgjer 23 % av dei totale brukarane. Aud Viken har ansvaret for heimetenesta i Førde kommune, og ho forklarar det slik:

– Dette er ei gruppe som treng omfattande hjelpetiltak. Det er yngre folk som gjerne bur saman med ektefelle eller andre pårørande som er i jobb. Så vi må prøve å lage eit opplegg som dekkjer særleg dagtid og kveld, gjerne heile døgeret.

Aud Viken

- TRENG OMFATTANDE HJELPETILTAK: Aud Viken er ansvarleg for heimetenesta i Førde kommune.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Eldre kvir seg for å klage

I KS-rapporten kjem det fram at dei yngre brukarane og deira pårørande er meir medvitne sine rettar og utøver meir press enn dei eldre. Pasientombodet Lisa Førde Refsnes kjenner seg att i omtalen av dei eldre som kvir seg for å klage.

– Dei er redde for å klage på tilbodet fordi dei fryktar represaliar i form av at dei kan få eit dårlegare tilbod, eller at dei må ha med sure helsearbeidarar å gjere. Det fører til at ein del eldre vegrar seg for å klage.

Otto Ravndal er fødd med cerebral parese. 52-åringen er ein del av den yngre brukaragruppa. Han er oppteken av at dei eldre skal få ein verdig alderdom.

– Det er dei som har bygd opp landet, dei som har gjort at vi yngre har det godt, dei bør få ein verdig avslutning av livet.