Statistikken for bedrageri blir stadig meir dyster. Fjoråret var eit nytt botnpunkt:
Nær 30.000 bedragerisaker vart meld til politiet. Det er ein auke på omtrent 4000 frå året før, ifølge Økokrim.
På same tid har færre saker blitt oppklart.
Sparebank 1 Sogn og Fjordane meiner politiet bør sette inn eit ekstra gir.
Berre 15,2 prosent oppklart
– Vi skulle ønske at det var meir ressursar, meir kompetanse og større interesse for å oppklare disse sakene, seier leiaren for økonomisk kriminalitet i banken, Ole Martin Eide.
Berre 15,2 prosent av sakene vart oppklart i fjor – ein dramatisk nedgang frå 22 prosent i 2023, ifølge tal frå Riksadvokaten.
Politiet seier dei ikkje har nok ressursar til alle sakene.
– Talet på melde saker aukar kvart år, og politiet har dessverre ikkje kapasitet til å etterforske alle, seier statsadvokat Anne Glede Allum i Økokrim.
Såg ein halv million forsvinne
Viss du blir du svindla, bør du gjere som Åse Liv Lote (81) frå Lote i Nordfjord.
Ein stille novemberdag i 2022 trudde ho at banken tok kontakt.
Mannen med austlandsdialekt fortalde at ho var utsett for bedrageri. Viss ho oppgav informasjon om Bank-ID, så skulle ho få hjelp.
Lote grov seg ikkje ned i skam, men kontakta banken med ein gong. Hennar sak høyrer til mindretalet som skal opp for retten.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKMen mannen var sjølv ein frekk svindlar.
Snart var ein halv million kroner på veg ut av kontoen til Lote.
– Det var heilt forferdeleg. Men eg kontakta sparebanken med ein gong. seier ho.
Fordi ho kontakta banken raskt, kunne dei stoppe overføringa til svindlaren.
– Alle kan bli lurt
Auken i bedrageri i 2024 er størst i saker med mindre beløp, kor store nettverk av kriminelle står bak.
Økokrim har oppretta ein ny eining på Gjøvik som skal gå etter slike større nettverk.
Sjølv om mange saker blir lagt vekk, er det viktig å melde bedrageri til politiet.
Anne Glede Allum, statsadvokat i Økokrim.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK– Saker som er meld inn, blir liggande i politiets straffesakssystem, og saker som er lagt vekk, kan bli gjenopna på et seinare tidspunkt, seier statsadvokat Allum.
Eldre har vore særleg utsett for svindel på grunn av lågare digital kompetanse, forklarer Allum. Dette biletet er nå i endring.
– I dag kan alle bli lurt fordi svindelforsøka har blitt svært sofistikerte og målretta, og det vanskeleg å skilje mellom ekte meldingar og svindelhendingar, seier ho.
– Enorm auke
Statssekretær Joakim Øren (Ap) i Justisdepartementet understrekar at politiet har fått meir pengar for å slå ned på svindel.
For berre fem år sidan var det ganske nøyaktig 10.000 færre melde bedrageri.
Da var oppklaringsprosenten 33,3 prosent.
Mange av svindelforsøka blir stoppa av bankane.
– I fjor forsøke kriminelle å bedra DNB for 2,5 milliardar kroner. Av det klarte vi å stoppe 2,1 milliardar, seier Sebastian Takle i DNB.
Ragnhild Georgsen i Sparebanken Vest har merka ein «enorm auke» i svindelsaker det siste året.
– Men når pengane har gått ut, da er dei som regel tapt, seier Georgsen.
– Folk er blitt flinkare
Eide i Sparebank 1 merkar også auken, men meiner likevel det er noko positivt.
– Mange av kundane har blitt flinkare til å avdekke svindelforsøk, seier han.
Til dømes har Åse Liv Lote i Nordfjord blitt meir skeptisk på nett.
– Eg får jo masse linkar om at kortet mitt stoppar og ditt og datt. Og så veit eg at dette er berre tull, seier ho.