Hopp til innhold

Fleire titals steinar sperrar veg

I 5-tida måndag morgon gjekk det eit steinras på fv. 614 ved Norddalstunnelen i Kinn kommune i Vestland.

– Det var om lag 20–30 steinar, av ganske tydeleg storleik, som låg i vegen og blokkerte fullstendig for trafikken i begge retningar, seier politibetjent William Steinseth.

Vegtrafikksentralen vest skriv på Twitter at vegen vil bli stengt inntil vidare, og at oppryddingsarbeidet ikkje vil starta før det lysnar og ein geolog har vurdert staden.

Klokka 12 er det venta ny vurdering.

– Heldigvis vart det ingen personskadar eller materielle skader i raset, seier Steinseth.

Steinras Kinn
Foto: NRK-tipsar