Hopp til innhold

Fleire må gå frå Dooria

Dooria Utvik AS nedbemannar frå 40 til 30 tilsette.

Dooria Utvik AS
Foto: Ottar Starheim / NRK

Dooria Utvik AS må kutte i tilsette, og nedbemannar frå 40 tilsette til 30 tilsette.

Krisa har skulda

Sju vert permitterte med ein gong, seier administrerande direktør Knut Arild Løvdal Stauri.

Bedrifta forhandlar med dei resterande som også mister arbeidet. Finanskrisa har skulda for at hjørnesteinsbedrifta må kutte, skriv Fjordingen.

Trasig

Johan Berge, hovudtillitsvald, meiner situasjonen er trasig.

Hovudtillitsvald Johan Berge karakteriserer situasjonen som svært trasig.

- Det er alltid leit å oppleve at gode kollegar må forlate arbeidsplassen. Men eg skjønar at det må gjerast tiltak, seier han.

Det vert også vurdert nedbemanning i alle deler av konsernet.