Hopp til innhold

Fleire køyrer ATV – men færre skadar seg

Trygg Trafikk fryktar likevel mørketal i ATV-ulukker.

ATV-ulukke i Kvam

Laurdag 24. oktober køyrde ein ATV ut av vegen og rulla rundt i Øystese i Hardanger.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg / Hordaland Folkeblad

Forrige laurdag vart fleire personar sende til sjukehus etter at ein ATV køyrde ut av vegen og rulla rundt i Øystese i Hardanger. Totalt ni personar var på køyretøyet då ulukka skjedde. Heldigvis vart ingen alvorleg skada.

Tal frå SSB viser at frå 2013 til 2019 har til saman 12 personar blitt drepne og 310 personar skadde grunna ATV-ulykker på offentlege vegar eller vegar open for alminneleg ferdsel.

Men dei tre siste åra har talet på ulukker gått ned, sjølv om talet på registrerte ATV-ar har gått opp:

Tal frå Statens vegvesen viser at 2016 var toppåret med 54 ulukker med personskade. I 2019 var talet 25. Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at talet på registrerte ATV-ar har auka for kvart år. I 2019 var talet oppe i 74 752.

Thomas Haarde (t.v.) og Thomas Fitje (ATV-forfra)

I Ølen køyrer fleire ATV til skulen og på fritida både på veg og i utmark.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Fryktar mørketal

Men ulukker utan personskade og ulukker i skog og mark på ATV er ikkje inkludert i statistikken.

– Det døyr truleg langt fleire på ATV og UTV i skog og utmark enn det gjer i vegtrafikken. I tillegg fryktar ein store mørketal blant lette eller hardt skadde i same gruppe, seier Ingrid Trømborg i Trygg Trafikk.

ATV-ar er i utgangspunktet rekna for køyring i utmark, men det er også lov å køyra på vanleg veg.

– 16-åringar som vil køyra ATV treng berre å ta «traktor-lappen», og får ingen annan trafikkopplæring sjølv om dei då kan køyra på vanleg trafikkert veg. I utgangspunktet seier regelverket at 16-åringar berre har lov til å køyra i 40 km i timen på trafikkert veg, men det skal berre eit enkelt grep til for å fjerna denne fartssperra slik at ein kan køyra så fort ein vil, seier Trømborg.

Trygg Trafikk meiner og at det bør vera eit påbod med hjelm på ATV uavhengig om den er registrert som MC eller traktor.

Ingrid Trømborg, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk

Ingrid Trømborg i Trygg Trafikk trur det er store mørketal i hendingar knytt til ATV.

Foto: Trygg Trafikk

Kan få store konsekvensar

Forsikringstal henta frå bransjetal frå Finans Norge viser at det har vore ein liten nedgang i talet på registrerte materielle skadar. Med toppår i 2016 på 231 registrerte saker, til 102 i 2019.

– ATV er eit relativt nytt køyretøy som blir brukt både på landeveg, i innmark og utmark. Det er viktig at alt det tekniske er i riktig stand og at ein har god opplæring, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i If.

Han seier konsekvensane kan bli store om ein velter med ein ATV.

– Det er viktig å beskytta seg med hjelm, då det er ingenting på ATV-en som beskyttar deg. Det skal veldig lite til før ein hovudskade kan bli fatal, seier Clementz.

Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik seier at dei ser meir av ATV-ar på vegane enn før.

– ATV er ikkje eigna som leiketøy. Dei kan vera farlege å køyra og ein må vera forsiktig. Likevel har vi hatt få ulukker i vårt område, seier Kvalvik.