Hopp til innhold

To vaksne og sju born i ATV-ulukke

Fleire personar er sende til sjukehus etter at ein ATV køyrde ut av vegen og rulla rundt i Øystese i Hardanger.

Ulukke i Øystese

ULUKKE: Fleire personar er involverte i ulukka i Øystese.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg / Hordaland Folkeblad

Det var totalt ni personar på køyretøyet då ulukka skjedde på ein privat veg ved ein gard. Av desse er to vaksne og sju born. Borna er i alderen tre til ti år.

– Dei velta ned ei skråning og blei kasta av eller hoppa av, seier vaktleiar Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland.

To luftambulansar og eit redningshelikopter frå Sola blei kalla ut til ulukkesstaden. Redningshelikopteret valde seinare å returnere.

To kvinner og eitt barn til Haukeland

Ifølge operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt blei eit barn og ei kvinne frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse. Ei anna kvinne blei køyrt til Haukeland i ambulanse.

Skadeomfanget på desse er ikkje kjent.

– Dei seks andre borna har det bra etter forholda, seier Drotningsvik.

Borna blei sendt til legevakta i Norheimsund for sjekk og er varetatt av besteforeldre.

Veit ikkje årsaka

Politiet veit førebels ikkje kva som førte til at køyretøyet velta.

– Vi har ikkje avhøyrt dei vaksne endå. Det vil gå litt tid før vi har det på det reine, seier Knappen.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve hendinga, men ifølge politiet kom det folk til staden kort tid etterpå.

Politiet har gjort tekniske undersøkingar og hadde i 17-tida laurdag avslutta sitt arbeid på ulykkestaden.