Hopp til innhold

Kommunane må kutte trass gode økonomiske tider

Landet går så det grin økonomisk, men her i fylket må kommunane nok ein gong kutte kraftig. Frustrasjonen er difor stor mange stadar, etter at dystre rådmenn har lagt fram tal som viser store utfordringar for kommunane.

Nygård og rapport

FRUSTRET: Ordførar i Selje kommune, Ottar Nygård, står ovanfor store utfordringar når kommunen skal kutte 13,5 millionar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er av den tunge delen av å vere kommunepolitikar, når vi har så lite til rådevelde, og er så gira og har så lyst å skape både aktivitet og trivsel ute, seier ordførar i Selje kommune Ottar Nygård.

Nygård er så frustrert at han knapt veit si arme råd. Selje kommune er ei av mange kommunar her i fylket som igjen må gjere kraftige kutt. Å greie å spare 13,5 millionar kroner i vesle Selje er inga enkel oppgåve.

– Det vi opplever i Selje denne gongen er at vi får ein real nedgang i løyvingar frå staten, seier Nygård.

Og Selje er ikkje åleine. Stryn manglar om lag 18, 7 millionar for å vidareføre dagens drift i 2013, Gloppen må spare 34 millionar dei neste åra, og kutte heile 13 årsverk innan 2014. Jølster manglar om lag ti millionar, og Hornindal har ei kuttliste på i alt 6,6 millionar. Og dette er før alle kommunane har lagt fram tala for neste år.

Gode tider?

Dette skjer trass i at landet går så det grin. Arbeidsløysa er låg, statsfinansane er best i verda og renta er på eit botnnivå. Likevel må frustrerte ordførarar og innbyggarar i fylket gå inn i endå ein førjulsvinter med nedskjeringar.

leder Erling Sande (Sp) i Stortingets energi- og miljøkomite.

IKKJE DÅRLEG: Erling Sande (Sp) seier at kommunane ikkje kjem dårleg ut.

Då statsbudsjettet vart lagt fram, teikna mellom anna stortingsrepresentant Erling Sande eit heilt anna bilete.

– Fyrst har eg lyst å seie at eigentleg kjem ikkje kommunane våre, verken store eller små, dårleg ut, og eg har lyst å minne om at viss vi ser rundt oss i Europa så er vi veldig heldige som politikarar i Norge, som kan sitje å vedtak auke, seier Sande.

Nedgang i folketalet

Ein av grunnane til at fylket kjem dårleg ut er at folketalsutviklinga er viktig når staten fordelar ut inntekter til kommunane. Då held det ikkje berre med litt vekst, utviklinga bør helst vere på nivå med elles i landet.

Hardast råka blir åtte av kommunane i fylket som har nedgang i folketalet.

– Det er slik det må vere, ein kan ikkje betale kommunane for innbyggjarar som ikkje er der, seier Sande.

Også i Selje er det nedgang i folketalet, men Ottar Nygård meiner regjeringa no må bestemme seg for om det i det heile skal bu folk i Utkant-Norge.