Marsjen er arrangert av aksjonsgruppa Bevar Hardanger for å markera at dei ikkje er nøgde med regjeringa sin snuoperasjon i kraftline-saka.
Marsjen starta like før klokka 10.00 laurdag føremiddag, og ruta går frå Sjusete til Soldal.
Les òg:
Må holde oppe trykket
Målet med protestmarsjen er å halde trykket og engasjementet oppe i kampen mot kraftmaster mellom Sima og Samnanger. Aksjonistane er ikkje nøgde med Regjeringa si avgjerd om å vurdere sjøkabel på nytt.
- Nei, det er me ikkje nøgde med. Me er ikkje sikre på om situasjonen med straumforsyning er så dramatisk som Regjeringa og Statnett hevdar, seier leiar i aksjonsgruppa Bevar Hardanger, Klaus Rasmussen.
Bevar Hardanger krev ei ny utgreiing om det totale energibehovet til Bergen.
- Me stolar ikkje på at grunnlaget for å ta ei avgjerd i denne saka er tilstades før ein slik rapport ligg føre, seier Rasmussen.
Ein lang marsj
Aksjonistane går i fjellheimen over Norheimsund og Øystese, ein tur på mellom 8 og 9 timar. I løpet av marsjen skal aksjonistane gjennom fleire postar med musikk og appellar.
- Det er nok omlag 250 til 300 som er med og går, og det er me veldig nøgde med, seier Rasmussen.
Les òg:
Les òg:
Les òg: