Fjordvarmeløysinga i Eid skaffar oppvarming og kjøling ved hjelp av pumpesystem frå fjorden. No er det òg nettopp etablert eit nytt teknologiselskap som skal selje produkt til slike anlegg.
Fjordvarme A/S er nesten heileigd av kommunen, men ordførar Alfred Bjørlo trur nye private eigarar er det som skal til for å få fart på utviklinga.
– Det må andre eigarar inn. Det er ikkje naturleg at ei kommune sit som eigar, og skal vere den rette eigaren til å ta eit teknologiselskap ut i verda, seier Bjørlo til NRK.no.
Vil utvikle teknologien vidare
Fjordvarme går ut på å utnytte energien frå fjorden gjennom eit pumpesystem for sjøvatn og varmevekslarar på land. Det gir oppvarming til både næringsbygg, offentlege institusjonar og private. Årleg har brukarane hatt kostnadsreduksjonar på mellom 30 og 50 prosent.
I fjor kom rapporten «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane». Der vart fjordvarmeløysinga peika på som ein unik teknologi i vårt fylke med stort vekstpotensial.
Men framleis jobbar ein med å spreie løysinga til andre stadar i landet. Ein privat eigar kan ta tak i dette trur Bjørlo. Han er utolmodig og ønskjer utvikling kring fjordvarmeteknologien.
– Sjølve fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid er ein dundrande suksess, det eig vi og vil framleis eige infrastrukturen.
– Men så trur eg at det er eit enormt potensial for å utvikle fjordvarmeteknologien og konseptet kommersielt, og spreie det rundt i landet og kanskje internasjonalt òg.
(Artikkelen held fram under biletet)
Jaktar framleis kjøparar
Alt for to år tilbake vedtok kommunestyret i Eid at Fjordvarme A/S burde få nye eigarar. Fjordvarme AS leverer tenester, forprosjekt og totalkonsept for kommunar og andre som vurderer å satse på teknologien.
Men så langt har ein ikkje funne kjøparar. Styreleiar Arild Hjelmeland er likevel trygg på at private eigarar vil vere ei god løysing for å fart på selskapet.
– Då vil ein kunne fått meir fokus på moglegheitene i konseptet, meir styrke i marknadsarbeid og i lobbyverksemda inn mot dei politiske miljøa.
Har tru på fleire arbeidsplassar
Men det skjer allereie næringsutvikling knytt til fjordvarmeprosjektet i Eid. Eit nytt teknologiselskap er på plass og skal utvikle og produsere tekniske løysingar. Tanken er å byggje og levere ferdige fjernvarmeanlegg klare for installasjon
Verksemda Re Norway vil tenke både nasjonalt og internasjonalt, seier Arild Hjelmeland. Han er også ein av gründerane bak, og håpar på vekst og arbeidsplassar.
– Gjennom samarbeid med næringslivet på Vestlandet, så vil ein kunne få mange arbeidsplassar både i dette selskapet, men også hos samarbeidspartnarar og underleverandørar.
- Store tankar
Medeigar og dagleg leiar i Re Norway, Stephan ter Stege, har stor tru på forretningsideen.
Selskapet har nyleg tilsett den tidlegare profilerte leiar for Framtidsfylket, Anne Van Oorschot, og håpar på mange tilsette med åra.
– Vi har store tankar om samarbeid og å finne lokale investorar. Vi trur på 10–15 nye arbeidsplassar dei neste tre-fire åra, seier ter Stege til NRK.no.
(Artikkelen held fram under biletet)
Må smørje seg med tolmod
Fleire stadar kring om i Sogn og Fjordane og Sunnmøre vurderer no å byggje fjordvarmeanlegg. Men prosessane tek tid, og framleis må styreleiar Arild Hjelmeland smørje seg med tolmod.
– Det er ganske store prosessar ein skal setje i gang for å få til utbygging, seier Hjelmeland.
– Har framtida føre seg
Nyleg vart Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid nominert til finalen i årets lokale klimatiltak i Norge.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Bjørlo trur fleire kommunar vil gjere som Eid og byggje fjernvarmeanlegg i åra som kjem. Då gjeld det å vere på bana.
– No handlar det om å få til eit eller to anlegg til, der ein tek teknologien ytterlegare frå det fyrste pilotanlegget i Eid. Då trur eg dette er ein snøball som berre vil rulle.
– Dette er ein teknologi som eg er heilt sikker på har framtida føre seg. Det er rimeleg, enkelt og 100 prosent fornybart.