Hopp til innhold

Nådde ikkje opp i kampen om Årets lokale klimatiltak

Mandal kommune stakk av med prisen for Årets lokale klimatiltak 2012. Eid-ordførar innrømmer at han vart litt skuffa, men at han er stolt over at kommunen hans vart nominert.

Alfred Bjørlo

LITT SKUFFA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er litt skuffa, men berre litt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det kjennest heilt greitt når vi fekk summa oss litt, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Men han innrømmer at han var litt skuffa då Mandal vart kåra som vinnar.

– Mandal har gjort ei omfattande satsing, så det var ikkje ei bombe at dei stakk av med prisen. Men konkurranseinstinktet vakna, og det var litt skuffande der og då. Men i ettertid er det stor stas berre å ha vorte nominert, seier Bjørlo.

Var ein av fem finalistar

Eid kommune var i finalen for å bli nominert til Årets lokale klimatiltak 2012 grunna etableringa av landets største fjordvarmeanlegg. Men det var til slutt Mandal kommune som stakk av med prisen for sitt nye nærvarmeanlegg med varme frå solfangarar og grunnbrønner, og lagring av overskotsvarme i borebrønnar.

– Vi kom til finalen og er ein av fem norske kommunar som er plukka ut til finalen. Sjølvsagt er det slik at ein helst skulle ha vunne, men det er ei stor ære berre å bli lagt merke til å bli plukka ut som finalist på ein slik stor miljøkonferanse, seier Bjørlo.

– Vi har bygd ut Norges største fjordvarmeanlegg og gjort det systematisk over ti år. Anlegget sparer inn sju millionar kilowatt-timar i året, knyter heile Nordfjordeid sentrum til miljøvenleg energi frå fjorden både til oppvarming og kjøling, seier Bjørlo.

Har fått stor merksemd

Han legg til at prosjektet er ganske unikt.

– Det vi opplever her på konferansen er at prosjektet vårt har fått stor merksemd. Det er mange som ikkje har høyrt om det før det vart nominert. Dei som er med oss her frå Fjordvarme opplever stor interesse for dette, seier Bjørlo.

Han fortel at det er fleire andre kommunar som snusar på det same.

– For Eid kommune betyr kanskje ikkje nominasjonen så mykje, men vi håpar det betyr noko for fjordvarme og det teknologimiljøet vi har på Eid. Vi trur at fjordvarme har potensial til å bli ei løysing som vil bli valt av mange andre byar og tettstader, også internasjonalt, seier Bjørlo.

Viktig treffpunkt

Han legg til at dei no jobbar aktivt med å kommersialisere fjordvarmeteknologien.

– Vi vil prøve å gjere dette til ein av dei nye miljøløysingane som tek av i framtida. Det trur eg det er stort potensial for. Å bli nominert til ein slik pris er eit viktig springbrett til det, meiner Bjørlo.

Han legg til at det er eit viktig treffpunkt.

– I aller høgste grad. Både å komme i kontakt med bransjen, andre kommunar, med næringsliv og miljøorganisasjonar. Eg trur dei som jobbar med fjordvarme hos oss har fått mykje ut av å vere med her, seier Bjørlo.