Hopp til innhold

Fjord Norge fryktar eurokrise

Reiselivsaktøren Fjord Norge fryktar at euro-krisa i Sør Europa skal spreie seg og øydeleggje årets turistsesong.

Flåm stasjon med turistar

Flåmsbana i Aurland er eit ettertrakta reisemål for turistane. No fryktar Fjord Norge eurokrisa kan

Foto: Merete H. Høidal / NRK

Turistbesøket i mai har vore på line med det dårlege fjoråret. I Fjord Norge håpar dei på oppgang i år, men administrerande direktør Kristian Jørgensen fryktar at nedgongen skal halde fram om eurokrisa sør i Europa spreier om seg.

- Dei viktigaste marknadene for oss er Tyskland, Nederland og Storbrittannia. Dersom euro-uroen byrjar å spreie seg også dit og vi ser ein konsekvens inn mot realmarknaden, så vil det utan tvil kunne påverke trafikken til Norge.

Ugunstig kombinasjon

Hotell, campingplassar og andre overnattingsstadar på Vestlandet opplevde ein kraftig nedgong i turistbesøket i fjor. Spenninga er difor stor ved inngongen til årets sesong.

Fjord Norge budsjetterer med ein oppgang på mellom ein og tre prosent i høve 2009, men finansielle problem i Sør-Europa er i ferd med å spreie seg nordover. Svak euro og sterk norsk krone er ein svært dårleg kombinasjon for turistnæringa.

- Det at vi er sett på som eit noko kostbart reisedestinasjon frå før av, så hjelp det ikkje å få ei norsk krone som blir så pass sterk som den har vore i det siste, seier Jørgensen.

- Alvorleg situasjon

Hotelldirektør Rikard Grov ved Alexandra Hotell i Loen, reknar med færre gjestar frå Sør-Europa. Spesielt Spania.

- Det er ein alvorleg situasjon i Sør-Europa. Vi trur at den spanske trafikken, som har vore stor og veksande dei siste åra, kanskje vil stagnere, om ikkje gå ned litt, i år, seier han.

Delar ikkje frykt

Likevel delar han ikkje Jørgensen si uro for den sterke norske krona.

- Når den er sterk og når den er svak, ser du frå dag til dag. Eg trur ikkje nødvendigvis det får så store følgjer for norsk, anten inn- eller utlandsreise, seier han.

- Ei sterk norsk krone freistar nordmenn til å reise ut, og vi ser at charterturismen aldri før har seld så mange reiser som inn mot denne sesongen her, avsluttar Jørgensen.