Innsendt av Grete Svedhaug frå Vågsvåg
* 500-600 gram rå fisk, hyse eller sei
* 500 g rå poteter
* 2 løk
* 6-8 ss byggmjøl
* 2 ts salt
* ca 1/4 ts pepar
* Buljong til koking
Skrell potetene og riv dei på råkostjern. Mal fisk og løk, eller kjør det i kjøkenmaskin. Bland poteter, fisk og løk. Tilsett salt, pepar og rør inn mjølet. Bruk ikkje meir mjøl enn at blandinga heng godt saman. Form runde ballar og legg dei i kokande vatn. Tilsett buljong. La dei trekkje i ca 30 minutt.
Server med kokte poteter, gulrot, kålrot og steikt bacon.