Hopp til innhold

Fiskebåtar fulle av feil

Dei siste vekene er det avslørt omfattande feil og manglar på fiskebåtar.

Fiskebåt

ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: NRK

- Vi er veldig skuffa over at haldninga er så dårleg som den er i dag. Resultata viser at fiskebåtane har feil som skulle vera lett å etterkoma, seier underdirektør Lars Alvestad i Sjøfartsdirektoratet. Han meiner kontrollen har vore nedslående.

726 pålegg

Det er under silde- og torskefisket i Nordnorge, Sjøfartsdirektoratet dei siste seks vekene har sjekka fiskefartøy frå heile kysten. Til no er 134 fartyg kontrollert, noko som har medført 726 pålegg som måtte utbedras før fart. 55 av fartya blei haldt tilbake.

  • 21 % kunne ikkje dokumentera ettersyn av laste/losseinnretning/kraner
  • 11 % av fartøya hadde mannskap uten gyldig sertifikat i sertifikatpliktig stilling
  • 14 % av fartøya mangla opplæringshåndbok
  • Nærmere 30 % hadde mangel på kompassanlegg og gyldige kart
  • 2 % hadde ikkje gjennomført øvingar i samsvar med regelverket
  • Ca. 20 % hadde manglar på redningsflåter, redningsdrakter og livbøyer

- Opplagte ting

Så langt er 14 båtar frå Hordaland kontrollert, og ved 6 av dei var forholda så alvorlege at dei ikkje fekk gå frå kai før alt var i orden. Alle desse var større fartøy av typen trål og ringnotbåtar.

Til saman har direktoratet avdekka 79 feil og manglar på Hordalandsbåtane.

- Det er dette som går på losseinretninger, redningsutstyr, personlige sertifikater og øvelser, gyldige kart og så vidare. Opplagte ting som må være i orden som minstekrav for å driva trygt, seier Alvestad.

Sjøfartdiretoratet vil halda fram kontrollane ut over våren og koma tilbake med tilsvarande aksjonar seinare. Leiar i Fiskarlaget Vest Erling Skåtøy er skuffa over resultata.

- Ja, tala er altfor høge. Det er det ikkje tvil om. At feila går på tryggleik, og at såpass mange båter blir haldne tilbake og ikkje får segle, er graverende, meiner Skåtøy.

- Har fiskarane slappe haldningar?

- Nei, det er ikkje mi generelle oppfatning, men tala du presenterer viser jo noko anna. Her må skjerpings til, og det håper og trur eg fiskarane gjer, seier fiskarlagsleiaren.