Hopp til innhold

Fiskebåt måtte reddast

Redningsskøyta KG Jepsen måtte trå til då ein fisketrålar fekk nota si i propellen søndag kveld.

Redningsskøyta KG Jepsen sleper båt

TRYGT TIL KAI: Fiskebåten ligg no trygt til kai i Florø. Redningsskøyta KG Jepsen i bakgrunnen etter endt oppdrag.

Foto: Martin Malkenes

- Det er ein ringnotsnurpar som har fått ei not i bautrustaren eller propellen, fortel styrmann Knut-Even Rislaa på redningsskøyta Kristian Gerard Jepsen.

Not i propellen

Den låg i Måløy då dei fekk melding om at fiskebåten ikkje klarte å kome seg vidare på grunn av nota.

- Vi har no slept båten inn til Florø, og ein dykkar skal ned i vatnet for å få nota laus, forklarer styrmannen.

Det er ïkkje mogleg å få nota vekk utan å dykke.

Vanleg problem

- Dette er eit ganske vanleg oppdrag for oss. At nota kjem i propellen skjer veldig ofte, og då må vi dykke litt, seier Rislaa.

Turen til Florø gjekk greit for fiskebåten og redningsskøyta.

- Det er litt vind, men det gjer jo ingenting.