Hopp til innhold

Fire til legesjekk etter ulukke

Ein person blei lettare skadd og tre andre sende til legesjekk etter eit trafikkuhell på Riksveg fem ved Klavelandet i Flora. Uhellet blei meldt til politiet klokka 0108 i natt. Bilen med dei fire hadde mist veggrepet og køyrt inn i autovernet, og deretter i fjellveggen. Politiet opplyser at det var mykje nedbør og glatt vegbane der uhellet skjedde.