Hopp til innhold

Ungdomar visste ikkje sjølv at dei var sakna

Dei fire personane som var sakna mellom Sulebu og Bjordalsbu i fjella mellom Vang og Lærdal er komne til rette.

– Snøskuterpatruljen frå Hemsedal møtte på ungdomane kring ti minuttar frå Bjordalsbu. Dei hadde gått seinare enn planlagt frå Bjordalsbu, får NRK opplyst hos politiet.

Det vart søndag ettermiddag sett i gang leiteaksjon etter dei fire, som alle blir rekna som fjellvande og i 20-åra, då ingen hadde hatt kontakt med dei sidan fredag.

Ungdomane skulle til Lungdalshytta. Røde Kors sendte ut patrulje både frå Hemsedal og Lærdal for å søkje langs ruta til ungdomane.

– Dei visste ikkje ein gang sjølve at dei var sakna, så her var det ingen dramatikk, oplyser politiet.