Hopp til innhold

Firda-redaktør skapte rabalder

Redaktør Jan Atle Stang i Firda utløyste sterke reaksjonar då han blanda seg inn i styrevalet på årsmøtet til Flora Ap.

Jan Atle Stang

Ap-medlem og redaktør i fylkes største avis, Jan Atle Stang, får kritikk etter han blanda seg inn i årsmøtet til Flora Ap.

Foto: NRK

- Kvalmande og respektlaust, var to av reaksjonane Stang fekk ifølgje avisa han er redaktør i, Firda.

- Markerte klart opprør

Årsmøtet i Flora Ap ynskte ro i rekkene etter ein turbulent haust der NAV-saka har stått i fokus. Men ynskjet sprakk då partimedlemet Stang lanserte Brigt Samdal som motkandidat til Jan Helge Dale som nestleiar.

Ifølgje Firdaposten stod Stang i senter for ein sterk fraksjon, som markerte eit klart opprør mot valnemnda og den etablerte partileiinga. Avisa skriv dei piska opp sterke reaksjonar hos nokre av Dale sine støttespelarar.

- Sjansar ein må ta

Til avisa i kystbyen seier Stang at han føreslo Samdal som nestleiar for å få til ei forsoning mellom frontane i partiet etter NAV-saka, og for å gje utkantane og Eikefjord ei sterk stemme. Han ser ikkje noko presseetisk problem i at han deltok aktivt på møtet.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Eg var heilt klar over kva kritikk eg stilte meg opp for då eg gjorde det eg gjorde. Det er sjansar ein må ta som redaktør, seier han til avisa.

I si eiga avis forsvarar Stang innblandinga, og seier at han står fritt til å vere partimedlem, snakke og å kome med framlegg så lenge han ikkje har tillitsverv i partiet.

- Sår tvil

Både Presseforbundet og Norsk Redaktørforening meiner derimot at innblandinga var uheldig.

- Det sår tvil om redaktøren sin integritet når han aktivt prøver å påverke nominasjon og val i eit politisk parti. Men faktisk er effekten endå meir negativ for mediet han leier, seier generalsekretær Nils E. Øy i redaktørforeininga til Firdaposten.

Bytte plass som avtalt

Jan Helge Dale, som har vore leiar og nestleiar Solveig Willis bytte plass som avtalt.

Dale hadde sjølv bede om å bli fråteken leiarvervet.