Hopp til innhold

Finnes meldt til politiet for kjøp av Nordic Mining-aksjar

Naturvernforbundet melder Sindre Finnes til politiet for aksjekjøpa han gjorde i Nordic Mining i 2013.

«Det er blitt kjent via media at dåverande statsminister Erna Solberg sin ektemann, Sindre Finnes, gjorde fleire aksjekjøp i Nordic Mining i dagane før Sundvollen-plattforma vart offentleggjort», skriv Naturvernforbundet i politimeldinga som vart levert tysdag ettermiddag. Bergens Tidende omtalte saka først.

I meldinga til politiet skriv Naturvernforbundet at aksjekjøpa til Finnes i Nordic Mining vart gjort på eit tidspunkt då viktige løyver om å opne for gruvedrift med sjødeponi var under førebuing.

Naturvernforbundet hevdar at det er grunn til å tru at Finnes hadde eksklusiv innsideinformasjon om dette.

Naturvernforbundet er kjent med at aksjekjøpa står i fare for å bli forelda. Difor vart saka i dag meldt til politiet. Nordic Mining førebur storstilt gruvedrift i Vevring i Sunnfjord.

Erna Solberg og mannen Sindre Finnes på vei til Nobel-banketten.
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK