Hopp til innhold

Festa antenne til heksemonument

Ei mast som er festa til det nasjonale heksemonumentet ved Anda ferjekai vekkjer sterke reaksjonar.

Heksemonumentet på Anda

MAST PÅ MONUMENTET: Heksemonumentet på Anda har fått ei mast festa på eine flammen. Det er også stabla benkar rundt skulpturen.

Foto: Svein Hjelmeset

Ein av dei som reagerer er Svein Hjelmeset frå Gloppen. Onsdag skulle han vise ein slektning monumentet som står på ein stad der det var heksebrenning for fleire hundre år sidan.

– Eg tykkjer det er eit flott, historisk monument og fekk meg ei stor overrasking. Ei antenne var festa til den eine flammen med fargerike reimar, seier Svein Hjelmeset.

– Eit hån mot kunstnaren

Han fortel at benkar og bord er stabla rundt, og i tillegg står det ei stor kiste med utstyr rett attmed kunstverket som blei sett opp i 2002.

– Eg tykkjer ikkje noko om dette midt i turistsesongen. Det var ikkje noko fint syn og eg tykkjer det er eit hån mot kunstnaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heksemonumentet på Anda

ROT RUNDT SKULPTUREN: Svein Hjelmeset reagerer på at det ser slik ut rundt monumentet.

Foto: Svein Hjelmeset

Trur ikkje det er ondsinna

Stig Eikaas

FJERN DEN!: Kunstnaren Stig Eikaas seier masta må bli fjerna.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Stig Eikaas har laga heksemonumentet som er til minne om kvinnene som miste livet i heksebrenning på 1600-talet. Han har sett opp fleire skulpturar i Sogn og Fjordane dei siste åra. No er han på ferie i Italia og har ikkje sjølv fått sett korleis det ser ut.

– Eg trur ikkje det er ondsinna gjort, men eg ønskjer jo at monumentet skal stå fritt og reint, seier Eikaas.

– Ein skal ikkje gjere slikt, det seier seg sjølv. Monumentet blir redusert når det står ei mast rundt der. Det er ikkje heldig dersom turistar har tenkt å ta bilete og dei tykkjer det kanskje er litt rart.

– Dei har nok tenkt praktisk

Han trur antenna er sett opp i samband med anleggsarbeidet på ferjekaia. Eikaas trur dei som har gjort det, neppe har tenkt seg om.

– Anleggsarbeidarar tenkjer vel pragmatisk, og så berre festar dei den der utan å tenkje seg om. Eg trur ikkje dei har gjort det for å håne skulpturen. Men eg kan seie at eg ikkje ønskjer ei mast og gul stropp rundt eine flammen.

Heksemonumentet

KNEKT AV: Eine flammen på Heksemonumentet er knekt av.

Foto: Olaf Sigurd Gundersen

No ber han at dei som har sett antenna opp, fjernar den.

– Det løyser seg vel når det dei får beskjed om dette. Flyttar dei masta, er problemet løyst, seier Eikaas.

Fjernar den etter ferien

Statens vegvesen lovar å fjerne antenna dei har surra fast til kunstverket. Prosjektleiar Oddvin Hov er ansvarleg for utbygginga på ferjekaien. Dette arbeidet skal vere ferdig til oktober.

Hov seier antenna er ein mottakar for digital oppmåling. Han vedgår at plasseringa kanskje er er litt uheldig.

– Den skulle ikkje vore festa i sjølv monumentet, men det var vel det som stod mest lagleg til, seier han.

I tillegg til sjølve kaia, skal området rundt heksemonumentet rustast opp med mellom anna ein gangveg. No er det ferie i anleggsarbeidet i to veker til, men Hov lovar å få masta fjerna så snart arbeidarane er tilbake.

– Dei er tilbake andre veka i august. Vi treng masta i heile byggjeperioden til oktober, men vi får berre flytte den til ein annan stad. Hadde eg hatt folk på staden no, skulle eg fått den fjerna med ein gong, seier Hov.

Heksemonumentet på Anda

HER STÅR DET: Monumentet er til minne om kvinnene som miste livet i heksebrenning på 1600-talet.

Foto: Ottar Starheim / NRK