Hopp til innhold

Fest, bråk og slåsting

Politiet rapporterer om ei heilt ordinær natt, utan dei store hendingane. Likevel vart to personar bortvist frå Florø sentrum grunna plagsam åtferd, medan ein heimefest kom ut av kontroll i same område. I Sogndal vart ein mindreårig rusa person køyrd heim av politiet og også her måtte ein heimefest bli avslutta.
I Måløy skal det ha vore slåsting på ein bensinstasjon, men partane var gått frå staden då politiet kom til.