Hopp til innhold

Ferjetrøbbel på Lote - Anda

Ferja mellom Anda og Lote er ute av drift på grunn av tekniske problem.

Anda ferjekai

STENGT: Det går ingen ferjer mellom Anda og Lote før klokka 16 i ettermiddag. (Arkivfoto)

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tidlegare i dag blei det meldt at ferja skulle vere i drift frå klokka 16, men klokka 15 melder vegvesenet at ferja er venta å gå som normalt frå klokka 18.

Ferja skal ha fått trøbbel med motoren. Det er berre ei ferje som trafikkerer den strekninga, og det blir ikkje henta inn reserveferje.

– Det vil ta like lang tid å få på plass ei ny ferje, seier Torbjørn Vik som er fungerande divisjonssjef for ferjer i Fylkesbaatane.

Anbefalt omkøyring er via fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

.