Fedje-folket er frustrerte over «ubrukeleg» ferje

Den nye ferja til den vesle øya Fedje har hatt ei rekke problem. 48 avgangar har blitt innstilte på like mange dagar. No brusar frustrasjonen hjå både lokalbefolkninga og tilreisande.

Bente-Lene Bøen i landhandelen på Fedje

FRUSTRERT: Landhandlar Bente-Lene Bøen på Fedje bur på fastlandet, og får ikkje opna butikken om ferja ikkje går.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Bente-Lene Bøen driv landhandel på Fedje, den vesle øykommunen i Nordhordland, i havgapet mot Nordsjøen.

Sjølv bur ho på fastlandet, og er avhengig av ferja for å få seld alt frå brukskunst til lokal spekemat, totaktsolje og grisefòr.

– I dag går heldigvis ferja, så eg får opna butikken min, seier ho.

Ferja har nemleg vore innstilt 48 gongar på 48 dagar. Nokre av innstillingane har vore grunna tekniske problem med dei nye systema, medan andre gongar har det vore vêret som har stogga ferja. Det var BT som omtala saka fyrst.

– Ho bør jo absolutt kunne gå sjølv om det er litt vind. Vinden bryr seg jo ikkje om det er onsdag eller laurdag. Folket her ute må på jobb og til legetimar, seier Bøen.

Fedjebjørn i innseglinga til Fedje.

LIVSLINA: Ferja bind saman Fedje og dei 548 innbyggjarane til fastlandet.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Fryktar isolasjon

– Er det litt skodde ligg ferja stille og er det ein liten kuling ligg ho stille. Når det er fint vêr ligg ho stille fordi dei har tekniske problem, seier Marie Stokholm, som bur på øya.

Ho er blant dei mange som er opprørte over nye MF «Fedjebjørn».

Den nye ferja er ein katastrofe. Sei kva du vil om gamle «Fedjefjord», men ho gjekk i alle fall, seier Stokholm.

Øysamfunnet med 548 innbyggjarar vil ha ei ferje dei kan stola på. Overfor BT seier ordførar Stian Herøy at han er redd for at Fedje dør ut viss ikkje ferja vert betre.

– Kvardagen vert ustabil. Varene kjem ikkje på butikken, og me kjem oss ikkje til eller frå fastlandet. Me er frustrerte. Samstundes har eg forståing for dei tryggleiksvurderingane dei på ferja gjer, men no er det litt for mykje problem på ein gong, seier Stine Nordby.

Marie Stokholm frå Fedje.

– KATASTROFE: Marie Stokholm på Fedje meiner at den nye ferja MF «Fedjebjørn» er ein katastrofe.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Mannskapet må få litt tid

Ferjeselskapet seier det er fleire grunnar til at MF «Fedjebjørn» har vore mykje innstilt.

Om lag to tredelar av innstillingane har skuldast tekniske feil. Den nye ferja har mykje ny teknologi som mannskapet må venna seg til å bruka.

– Denne ferja er ikkje akkurat hyllevare. Mannskapet må få litt tid til å bli vande med ho, seier Geir Vangen, regionleiar i Fjord1.

Vangen seier at det også er krevjande å segla inn til Fedje.

I innseglinga må ein svinga 135 grader mot babord før ein må koma seg forbi to stakar som står 22 meter frå kvarandre. Ferja er 15 meter brei. Det kan gjera det utfordrande om det er mykje vind.

– Tryggleik er vår fyrsteprioritet. Me stiller oss bak avgjersla til kapteinen om han meiner det ikkje er trygt å segla når det er mykje vind, seier Vangen.