Hopp til innhold

Fengsla i fire veker for draps- og valdstrugslar

Ein mann er varetektsfengsla i fire veker etter å ha sett fram trugslar om vald og drap mot både familien sin og politiet.

– Han har truga familien og politiet verbalt. Han ringde sjølv til politiet og sette fram trugslane. Det var både draps- og valdstrugslar, seier lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

TRUGA: Ein mann i Vågsøy kom med både draps- og valdstrugslar mot politiet i Vågsøy tidlegare denne veka. No er han varetektsfengsla i fire veker, seier lensmann Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Mannen i 50-åra er kjent av politiet frå tidlegare, og skal også ha kome med trugslar før. I tillegg er han no mistenkt for fleire andre forhold.

– Han er også mistenkt for heleri og skadeverk. Vi fann ting på bustaden hans som vi meiner stammar frå tidlegare innbrot i området, fortel Hvattum.