Hopp til innhold

Femdoblar produksjonen av øl

Kinn bryggeri planlegg å femdoble produksjonen for å møte etterspurnaden.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

STOR SATSING: Espen Lothe planlegg ein mykje større ølproduksjon enn det dei har i dag.

Foto: Birger Meland / NRK

Det er Fjordabladet som skriv om dei ambisiøse planane til ølbryggjar Espen Lothe i Florø. Spesielt det siste året har etterspurnaden gått til vêrs, og no ser han seg nøydd til å utvida produksjonen frå 200 000 liter til ein million liter i året.

Bryggeriet som held til i Florø, flyttar inn i nye lokale i april. Det lokale ølet har nærast blitt rive ut av butikkhyllene. Særleg før jul, var det mange som ikkje fekk tak i det lokalt produserte ølet.

Det nye lokalet er på 560 kvadratmeter, noko som er mykje større enn dei 80 kvadratmetrane bryggeriet har i dag.

– Med ein produksjon på 200 000 liter klarer vi ikkje lage nok til alle som vil ha. Målet vårt no er å femdoble produksjonen, seier han til Fjordabladet.