På glatt snøføre gjekk det gale på Ørskogfjellet. Bilen med handballjentene frå Sogndal sitt jente 16-årslag fekk sladd og kolliderte med ein møtande bil.
Sjåføren ligg i dag på sjukehus og er operert i ein arm. Alle dei fire jentene som sat på i ulykkesbilen vart skadde, men ingen av dei alvorleg. Alle vart frakta til sjukehus i Ålesund.
I den møtande bilen sat tre personar. Også dei vart sende til sjukehus.
Kraftig snøfall førte til ei rekkje bilulykker i Møre og Romsdal søndag kveld.