Hopp til innhold

Fem bilinnbrot i Lærdal

Det har vorte gjort innbrot i minst fem bilar i Lærdal sentrum natt til tysdag.

I alle bilane har einkvan knust vindauget og teke ut stereoanlegget.

Stal for 100.000 kroner

Alle tjuveria er utført på same måte som i dei 12 bilane på Årdalstangen som vart fråstolne stereoanlegg og kontantar natt til i går. Samla vart det stole verdiar for kring 100.000 kroner i desse bilane.

Politiet har ingen mistenkte, og etterlyser tips frå publikum.

Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere ein samanheng mellom innbrota i dei to kommunane. I tillegg til stereoanlegg er det også stole mindre summar pengar frå bilane i Lærdal.