– Her lagar vi hardingfeler på den moderne måten.
Splitter ny teknologi har flytta inn i ein gamal verkstad hos felemakar Ole Gjerde i bygda Strandebarm ved Hardangerfjorden.
Datastyrt fresing
Ei datastyrt CNC-maskin fører fresen over eit trestykke med lette bevegelsar.
– Maskina kan gå i spesielle banar og frese ut kurvene i Hardingfela. Og i dette tilfellet er det ein botn, seier Gjerde.
Gjerde har tatt eit fireårig bachelor-studium i tradisjonsmusikk på Ole Bull-akademiet på Voss, der han spesialiserte seg i hardingfelemaking.
Han er i tillegg utdanna mekanisk ingeniør og bestemde seg for å nytta utdanningane og erfaringane sine til å finna måtar å gjera feleproduksjonen raskare på.
Halverer tida det tek å lage ei hardingfele
– Det byrja som ei erkjenning av at det å lage ei hardingfele på gamlemåten tek om lag 300 timar. Det er ingen som vil betale den reelle kostnaden for 300 timar, seier han.
Då kom ideen om å kjøpe CNC-maskina som kan programmerast til å fresa ut delar til hardingfela basert på digitale 3D-modellar teikna i eit dataprogram.
Målet er at maskina vil hjelpe å halvere tida det tek å lage dei.
Den nye teknologien kan bana veg for storproduksjon av hardingfeler, spesielt for born. Noko det er stor etterspurnad etter.
– Då føler eg at det er verdifullt. Spesielt for tradisjonen at ungane får brukbare instrument å spele på. For hardingfela er i utgangspunktet vanskeleg å spele på, og det gjer det ikkje enklare om det ikkje er riktig i handa og som svarar deg, seier Gjerde.
– Den beste måten å ta vare på tradisjonen
Gjerde trur at tilgang på rimelege instrument på sikt kan styrka rekrutteringa til folkemusikken på hardingfele.
– Den beste måten å ta vare på både hardingfelebyggar-tradisjonen og hardingfeletradisjonen er at folk spelar mest mogleg, seier han.
Interessa for felene er allereie stor, og det har kome storbestillingar på barnehardingfeler frå kulturskular både i Hardanger, Fusa, Bergen og på Voss.
Bergen kulturskule har nyleg kjøpt to av barnehardingfelene til Gjerde.
– Vi gler oss til å få teste dei ordentleg. Dei ser og høyrest veldig bra ut, seier Maria Skjeldrum Toppe ved Bergen kulturskule.
– Verdt alle timane
Ifølgje Gjerde er det framleis eit tolmodsarbeid å lage hardingfele med ny teknologi.
Sjølv om CNC-maskina gjer grovarbeidet, er det framleis mykje som må bli gjort på gamlemåten for hand.
– Eg gjer alt for den fine klangen. Om ein får den fine og behagelege klangen, så er det verdt alle timane, seier Gjerde.