Hopp til innhold

Fekk snøskred rett i bilsida

Ei drosje på veg mellom Stongfjorden og Askvoll med skuleungdomar, fekk måndag morgon eit snøskred rett i sida.

Drosje treft av snøskred i Eidsfjorden.

Drosjen fekk snøskredet rett i sida.

Foto: Hanne Mjåseth

Snøskredet gjekk i 08-tida ved Eidsfjorden, melder firda.no .

- Det var litt skummelt. Eg trudde vi kom til å hamne utfor vegen, fortel Hanne Mjåseth til avisa.

Var redde

Snøskred i Eidsfjorden.

Skuleungdomane frykta nye ras og kom seg i tryggleik fram til ein brøytebil hadde fått laus bilen.

Foto: Hanne Mjåseth

16-åringen var mellom fleire skuleungdomar som skulle nå ferja mellom Eikenes og Dale, der dei går på vidaregåande skule. På nedsida av vegen er det bratt ned i sjøen. Mjåseth fortel at dei var redde for at det skulle komme fleire skred.

Ein brøytebil fekk bilen laus frå snømassane og rydda vekk skredet.

Stengde vegar

Skredet er ikkje det einaste som har gått dei siste dagane. Fredag vart ein kvinneleg bilist begravd av store snømasser ved Haukåtunnelen i Flora.

Fleire vegar var måndag morgon stengde som følgje av snøskred eller snøskredfare .