Hopp til innhold

Snøskred stengjer fylkesvegar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire vegar i fylket er stengde på grunn av snøskred og fare for snøskred.

Krister Kristensen ved Norsk Geoteknisk Institutt fortel at det er følgjene av mildveret ein no ser. Han ventar snøskred også på stadar der det vanlegvis ikkje går skred.

- Vi har ganske mange stadar spesielle snøforhold, der ein får ei ganske ustabilt lagdeling. Når ein får eit slikt omslag som no, så vil det nok gå nokre skred, seier han.

Begravd av ras

Det starta allereie fredag kveld med skred både i Fjaler og i Flora. På fylkesveg 614 mellom Florø og Svelgen vart ein kvinneleg bilist i 20-åra begravd av enorme snømassar som velta ned fjellsida ved Norddalsfjord bru.

Vegen vart opna att søndag .

Fleire stengde vegar

I morgontimane måndag var fleire fylkesvegar stengde:

  • Fylkesveg 93 mellom Heggheim Bru og Vadheim er stengd på grunn av snøskred og stor snøskredfare ved Heldalsheia. Blir ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 600 mellom Raudeberg og Kråkenes (Raudeberg-Kvalheim) er også stengd på grunn av fare for skred.
  • Fylkesveg 664 Heggjabygda - Navelsaker er stengd på grunn av snøskred.

Fylkesveg 602 er framleis stengd ved Refvikvatnet på grunn av eit steinras i førre veke.

Opna stengde vegar

Også fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll var stengd måndag morgon. Vegen vart stengd søndag kveld etter fleire snøskred. Like før klokka 07 måndag morgon, vart vegen opna att.

Ein times tid seinare vart også fylkesveg 662 mellom Torheim og Eid opna. Vegen var stengd på grunn av snøskred.

Like før klokka 10 vart fylkesveg 543 mellom Sandvik og Lending i Eikefjord opna etter å ha vore stengd på grunn av snøskred.

E39 var ein periode stengd mellom Jernfjelltunnelen og Instefjord etter snøskred.