Hopp til innhold

Var berre 15 år gamal då han fekk hjerneslag

Berre 15 år gammal fekk Andreas Bøe alvorleg hjerneinfarkt. Unge som får denne diagnosen har større dødsrisiko enn tidlegare antatt, syner ny forsking ved Haukeland universitetssjukehus. No får unge slagpasientar grundigare oppfølging.

Ny forsking ved Haukeland universitetssjukehus syner dårlege prognosar for dei som opplever hjerneinfarkt i ung alder. I Ålvik i Hardanger fekk Andreas Bøe (17) hjerneslag då han var femten år gamal.

SJÅ VIDEO: Andreas fekk hjerneslag då han var femten år gamal.

Steinar Bøe

FAR: Då sonen Andreas ikkje klarte å prata, ante Steinar uråd. Han køyrde sonen først til legevakten i Norheimssund, og så til Haukeland i Bergen.

Foto: Arne Frank Solheim

August 2011, det er sundag morgon i Ålvik i Hardanger. Andreas Bøe kjem ned i stova til faren Steinar. Han seier ikkje eit ord, stirar tomt på faren før han snur og går opp att på rommet sitt.

– Eg hugsar at eg ikkje var klar over at eg ikkje kunne snakka før eg kom ned til pappa. Då fekk eg litt panikk så då gjekk eg berre opp att, eg visste ikkje kva eg skulle gjera, fortel Andreas.

Steinar vert bekymra og følgjer etter sonen. Har han vore ute og fått i seg ulovlege stoff?

Klarte ikkje skriva

Oppe på rommet får Andreas framleis ikkje fram eit einaste ord.

– Eg forsto ikkje kvifor han ikkje ville prata med meg, så eg henta papir og blyant og bad han skrive nokre ord, forklarar Steinar.

Då sonen så vidt klarar å skriva ein «S», bestemmer Steinar seg for å køyra han til legevakten i Norheimssund.

Eg fekk panikk, eg visste ikkje kva eg skulle gjera

Andreas Bøe om då han fekk hjerneslag

Her trur legen det kan vera ein virusinfeksjon, kanskje frå eit flåttbit, men er ikkje sikker. Dei blir einige om at Steinar skal køyra sonen sin til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Fekk hjerneslag

Framme i Bergen forstår legane at noko er alvorleg gale. Ein CT-skanning gjev svaret.

Andreas hadde fått hjerneslag i ein alder av 15 år.

– Symptoma på hjerneslag er jo ganske klare, så eg burde nok skjønt det, seier Steinar og fortel at han har tenkt mykje på det i ettertid.

Han er ambulansesjåfør i Hardanger, og vand med å behandla slagpasientar.

– Men det var så fjernt å tenka på, ein frisk og aktiv 15-åring er jo ikkje ein eg assosierer med hjerneslag.

Overraska over forskingsresultat

Ulrike Waje-Andreassen

LEIA FORSKING: Overlege Ulrike Waje-Andreassen ved Haukeland universitetssjukehus fulgde 232 slagpasientar gjennom tolv år. Funna ho gjorde var overraskande.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Overlege Ulrike Waje-Andreassen ved Nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus har leia ein studie der ein har følgt 232 slagpasientar mellom 15 og 49 år gjennom tolv år.

Funna dei gjorde i forskinga har overraska nevrologane. Ved norske sjukehus har ein lenge trudd at unge slagpasientar klarar seg godt etter akuttbehandling. Men overlegen fant noko heilt anna.

– Vi fant ein forbausande høg dødelegheit. Etter 12 år var dødeligheita ti gonger så høg som hjå kontrollgruppa. Etter 18 år var 27 prosent av pasientane døde, forklarar Waje-Andreassen.

Pasientane får meir oppfølging

Pasientane var i snitt 41 år gamle når dei fekk hjerneinfarktet. Forskinga syner at langtidsverknadane av slag i ung alder er meir alvorlege enn det ein tidlegare har trudd.

I tillegg til høg dødelegheit hadde pasientane med hjerneslag også høg førekomst av hukommelsesproblem, epilepsi, angst, depresjon og søvnproblem.

Tidlegare har unge som har fått hjerneslag blitt overlatne til fastlegane etter akuttbehandling. Men funna i studien til Waje-Andreassen har ført til at pasientane ved Haukeland no får langt meir oppfølging av spesialistar.

– Dette er eit godt døme på at klinisk forsking har ført til betydelege endringar i utgreiinga og oppfølginga på vår avdeling, fortel Waje-Andreassen.

Ho håpar det same skjer ved andre norske sjukehus, og ynskjer å takka alle pasientane og kontrollpersonane som deltok i studien.

Erklært frisk

August 2011 på Haukeland sjukehus; Andreas blir raskt symptomfri. Han kan snakke og bevege armen att. Men han blir innlagd i fleire veker og går gjennom grundige undersøkingar

Då finn legane årsaka til hjerneinfarktet; eit lite hol mellom dei to hjartekammera. Han vert operert og følgt opp av spesialistane på Nevrologisk avdeling.

I dag er 17-åringen erklært heilt frisk.

– Det er ein veldig god historie for vår del. At sjukehuset måtte finne årsaka før dei slapp han, det er ein riktig tanke. Det set me veldig pris på, seier Steinar Bøe.