Hopp til innhold

Fekk ein halv million av amerikansk stifting

Forskingsstiftelse blar opp 500.000 kroner til ungdom i Hordaland. – Rørande, seier Robin Dale Oen.

Robin Dale Oen

PENGESTØTTE FRÅ USA: Robin Dale Oen driv prosjektet The Dale Oen Experience, som har som mål å gje ungdom meistringsfølelse. Ein amerikans stiftelse går inn med 500.000 kroner til eit nytt forskingsprosjekt.

Foto: Adalheidur Oldeide

Avdøde Alexander Dale Oen sin storebror driv prosjektet sitt vidare i veslebroren si ånd. The Dale Oen Experience, som har som mål å gje ungdom ei oppleving av meistring gjennom ekspedisjonar i naturen.

No har prosjektet fått ei overraskande handsrekning frå USA. Den amerikanske forskingsstiftinga «The Annenberg Foundation» går inn med ein halv million norske kroner.

– Eg blei særdeles rørt. Det er ein av få gåver vi har fått, det er det eine, men også det at ein svær organisasjon i USA viser interesse for oss som driv smått ute i Øygarden. Det er veldig gledeleg og til stor inspirasjon, seier Robin Dale Oen.

– Har vore og sett kva vi driv med

The Annenberg Foundation er ei stor stifting som finansierer ideelle organisasjonar, mest i USA, men og i verda elles. Frå hovudkontoret i Los Angeles har dei retta blikket mot Herdlevær i Øygarden.

– Dei tok kontakt med oss for eit år sidan, og har vore på besøk hos oss, og sett og filma kva vi driv med. Seinare har dei kome tilbake og sagt dei ønskjer å støtte oss med ein halv million norske kroner, fortel Dale Oen.

Åpning av Dale Oen-senteret

ALEX PÅ VEGGEN: Minnene etter Alexander Dale Oen henger på veggene i det nye friluftssenteret i Øygarden.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Pengane skal brukast på eit forskingsprosjekt for utvalde elevar frå ungdomsskular i Hordaland. Robin Dale Oen seier ungdom som elles fell utanfor skal få vera med på ei kombinert oppdagingsreise og forskingsprosjekt med avspark neste skuleår.

Lagar ei oppdagingsreise

– Dei skal få vera med ned på store havdjup, og gå turar på kalde vidder. Seinare skal dei få segla rundt Svalbardøyene og Frans Josefs land og tilbake til det norske fastlandet, fortel han.

LES OGSÅ: – Alexander er med oss hele tiden

LES OGSÅ: Robin Dale Oen: – Rørt over alle gavene til Alex' minnefond

Etter kvart skal det bli mogeleg å søke plass i prosjektet, som er tenkt å gå over eit heilt år. Tanken er å skape ein arena der nye unge opplever å meistre noko.

– Dette kan vere for dei som slit på skulen eller på andre arenaer, men også for dei som har eit djupt ønske om nettopp å få ei oppleving utanom det vanlege, og som gjerne har ein liten forskar inne i seg. Ei lita oppdagingsreise kan du rekne med det blir, fortel Dale Oen.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå nokon i «The Annenberg Foundation».