Hopp til innhold

Fekk åtte månader for alvorleg vald

Sogningen i 30-åra såg svart etter usemja om betaling på ein MC-klubb i fylket. No må han åtte månader i fengsel for alvorleg vald.

Nachspielet i lokala til motorsykkelklubben enda med fem brot i ansiktet, hjerneristing, hjernebløding og kutt i ansiktet for den eine festdeltakaren.

Etter fleire slag og spark utanfor lokala, gjekk turen via legevakta til sjukehus i Førde.

Uklare omstende

Gjerningsmannen, som sjølv var medlem i klubben, nekta straffskuld då saka var oppe i tingretten nyleg. Samstundes erkjende han at han var godt rusa.

Retten fekk forklaring frå fem vitne, men grunna sprikande og endra forklaringar var det for retten uvisst kva som eigentleg hadde skjedd.

Det vart likevel lagt til grunn at usemje om betaling for å komme inn var det som starta det heile.

Bad om orsaking

Tiltalte fortalde sjølv at han hadde «smelt ned» fornærma og «gav han ein fin ein på kjaken». Då ting hadde roa seg på staden, forsøkte han allereie same kveld å be om orsaking.

Nokre dagar seinare sende den tidlegare ustraffa gjerningsmannen ei direkte melding til mannen han slo ned:

– Hei ... det var eg som var den idioten som slo til deg i helga. Det beklagar eg verkeleg at eg gjorde.

Uprovosert vald i rusa tilstand er eit alvorleg samfunnsproblem, og tingretten fann det naudsynt å reagere strengt.

Stort farepotensial

Det vart lagt vekt på at handlinga ikkje var naudverje, og at den stod fram som heilt uprovosert.

Straffeskjerpande retning minst to kraftige spark mot hovudet medan fornærma låg på bakken. Farepotensial var stort og hendinga kunne fått langt alvorlegare utfall.

Retten fann difor påtalemakta sin påstand om åtte månadar fengsel passande. I tillegg må mannen betale 5.000 kroner i sakskostnader.