Hopp til innhold

Feilgiring avslørte båtpromille

Då hordalendingen i 60-åra skulle legge til kai på Skei, fatta politipatruljen interesse for båten.

Hordalendingen kunne nok hatt betre minne etter aurefesten på Jølster i år. No må mannen betale 10.000 kroner i bot for båtturen han tok til festen på laurdagskvelden.

Mannen erkjende forholdet same kveld og la alle kort på bordet då saka nyleg var oppe i Fjordane tingrett. Han stilte heller ikkje spørsmål ved blodprøven som vart teken halvannan time etter båtturen. Den viste 1,22 i promille. Den straffbare grensa for båtpromille går på 0,8.

Hordalendingen forklara at han tok til å drikke medan han fiska etter aure, men at han fekk ein slektning til å køyre han til Skei for å registrere fangsten. Etter ein middag og meir alkohol på kvelden, sette han og tre andre seg i båten og returnerte til Skei for å delta på festen der.

Ingen farlege situasjonar

Alle hadde redningsvest på seg og det oppstod heller ingen farlege situasjonar. Politipatruljen stadfesta at det var god sikt, roleg vind og ingen bølgjer denne laurdagskvelden.

Mannen forklara at han senka farten og gjekk roleg mot brygga, før han sette motoren i feil gir slik at båten rykte til. Ingen gjekk over ende, men det var nok til at patruljen i nærleiken fatta interesse. Mannen vart framstilt for blodprøvetaking då han utandingsprøven gav utslag.

Sjølv om retten meiner det er liten tvil om at promille på 1,22 påverkar prestasjonane, så sa retten seg usamd i påtalemakta sin påstand om fengsel i 14 dagar og 20.000 kroner i bot. Retten fann lite rettspraksis å støtte seg til og meinte det kan skuldast at mange båtpromillesaker blir avgjorde ved førelegg. Difor landa retten på 10.000 kroner i bot.