Hopp til innhold

Fattige får 50 millionar kroner

Regjeringa løyver 50 millionar kroner til fattige i Noreg.

Illustrajonsbilde - Fattig i Norge.
Foto: Schgaguler, Roland / Schgaguler, Roland

Regjeringa trappar opp kampen mot fattigdom og løyver 50 millionar i år. Per Bjarne Ørjansen i partiet Raudt i Sogn og Fjordane, er i utgangspunktet positiv. Menprogrammet er for spinkelt, meiner han.

- Akkurat no er eg redd for at det er for lite robust. Det gjeld for få kommunar, seier han.

Fem kommunar

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø.
Foto: Bjørn Sigurdsøn. / Scanpix

Ørjansen har lenge kjempa for dei fattige lokalt, men let seg ikkje imponere når regjeringa no fordeler 50 millionar kroner til kampen. Midlane vert delt ut til kommunar med NAV-kontor og skal nyttast til å hjelpe personar ut i arbeid. I Sogn og Fjordane får kommunane Høyanger, Sogndal, Fjaler, Selje og Hornindal pengar. Heggø meiner pengane vil hjelpe.

- Pengane skal gå til personar som ikkje deltek i arbeidslivet og samstundes ikkje har medisinsk diagnose som gjev dei rett til trygd. Dette er viktige grupper som før har vore kasteballar, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

- For lite

Per Bj. Ørjansen
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kampen vert trappa opp vidare. Til neste år vil Regjeringa bruke 230 millionar kroner. I 2009 vert tilbodet landsomfattande når alle kommunar har etablert NAV-kontor. Dei som blir med på kvalifiseringsprogrammet får 133 000 kroner i året for å hjelpe seg. For lite, meiner Ørjansen.

- Ein greier ikkje hus, straum, mat klede og fritid med 133.000 kroner i år. Ein kan prøve det sjølv. Bjarne Hansen kan ta seg sommarjobb på 133.000 kroner Eg saknar den gode innsatsen for fattig-Noreg, seier han.