Hopp til innhold

Fastlege fekk åtvaring av helsetilsynet

Ein fastlege i Sogn og Fjordane har fått åtvaring av Statens helsetilsyn på grunn av aktlaus behandling av ein hovudskade.

Pasienten hadde fått eit stort kutt i hovudet, men legen unnlét å undersøke for mogleg hjerneskade, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på nettsida si.

Ein pasient søkte hjelp på legevakta for eit kutt i hovudet på om lag 10 centimeter. Det var ikkje klart om pasienten hadde vore medvitslaus. Pasienten blei sydd og sendt heim utan at legen sikra tilstrekkeleg undersøking eller observasjon for hjerneristing, ifølgje helsetilsynet. Sjølve sårbehandlinga blei gjort på ein fagleg forsvarleg måte.

Statens helsetilsyn gir no legen ei åtvaring for uforsvarleg behandling og for utilstrekkeleg journalføring.