Hopp til innhold

Vikarlege får kraftig åtvaring etter uforsvarleg behandling

Tre gongar oppsøkte pasienten vikarlegen med symptom på hjartesvikt. I staden for å ta pasienten alvorleg, sette vikarlegen mannen på beroligande medisin.

Per Stensland

KRASS KRITIKK: Fylkeslege Per Stensland legg ikkje noko i mellom når han karakteriserer innsatsen til vikarlegen.

Foto: Arne Stubhaug

Fylkeslege Per Stensland omtalar legen sin innsats i denne saka som yttarst slett legearbeid.

– Vikarlegen har gitt det eg vil kalle skikkeleg dårleg legehjelp til ein alvorleg sjuk person. Saka blir ikkje noko betre av at dei pårørande og pasienten sjølv har opplevd denne legen som ufin og nedlatande, seier han.

Pårørande forlangte innlegging

Pasienten hadde nyleg operert hjartet. Men kort tid etter oppsøkte han vikarlegen med tung pust og hovne bein. Han vart sendt heim. Dagen etter skjedde det same, pasienten vart sendt heim – denne gongen med beroligande medisin.

Tredje dagen – og tredje besøk hos vikarlegen forlangde pårørande sjukehusinnlegging. Der vart det påvist alvorleg hjartesvikt.

– Dette er ganske enkelt dårleg medisin, er dommen frå fylkeslege Stensland.

Heller ikkje måten vikarlegen oppførte seg på, får gode skottsmål.

Uvanleg krass fylkeslege

No får vikarlegen, som er tilsett i kommunehelsetenesta i fylket, åtvaring frå Statens helsetilsyn etter den uforsvarleg behandlinga.

– Både medisinfagleg og kommunikasjonsmessig er dette yttarst slett legearbeid. Difor er det Statens helsetilsyn gir ein alvorleg reaksjon på dette, seier Stensland.

I si forklaring seier legen at han ikkje skjønte alvoret i situasjonen, og har beklaga hendinga.

Pasienten fekk til slutt behandling på sjukehuset, og det går fint med han.

– Heldigvis gjekk det bra med pasienten, men eg vil påstå at det ikkje er denne legens forteneste, seier ein uvanleg krass Stensland.