Hopp til innhold

Farleg råneteater

Råneteateret "Burn, baby, burn" kan vere farleg for dei som er med, vedgår forfattaren.

Burn out
Foto: Helge Holst / NRK

Bakgrunn:

  Nei til råne-teater

Råneteaterstykket Burn baby burn kan vere farleg, det vedgår forfattaren av stykket

- Me vil sjølvsagt ta alle forhåndreglar, men bilane skal jo gjera piruettar. Då må me ha ein viss sikkerheitsavstand mellom bilane, men sjølvsagt kan ting gå gale. Det kan dei jo på ei vanleg teaterstykke også, seier Karen Røyse Kielland.

Ekte burning

Stykket inkluderer ekte burning og såkalla bilpiruettar, fullt på høgde med det du ser i kva som helst slags bygdesentrum i Sogn og Fjordane ein laurdagskveld.

Sogn og Fjordane Teater ynskjer å setje opp framsyninga neste år, men politiet seier nei.

Teatersjef Terje Lyngstad seier dei vil ta alle forholdsreglar, med eigne vakter og brannvesen på staden.