Hopp til innhold

Skal ha møte om ulukkesbrua

Om ikkje lenge skal Sogndal kommune ha eit møte med Statens vegvesen og andre aktørar om dei trafikkfarlege tilhøva ved Loftesnesbrua, der ein syklist vart påkøyrd torsdag.

Sykkel mot bil

ULUKKE: Ein bil og ein syklist small i hop ved det farlege krysset ved Loftesnesbrua i Sogndal torsdag.

Foto: Arve Uglum / NRK

I går kveld var tilstanden for den 45 år gamle syklisten moderat skadd og innlagt på intensivavdeling på Førde sentralsjukehus. Bilisten som truleg braut vikeplikta i krysset i retning Hafslo vart fråteken førarkortet.

– Loftesnesbrua er det viktigaste einskild-tiltaket å få gjort noko med innan samferdsle her i området, sa ordførar Jarle Aarvoll på eit folkemøte i Sogndal tysdag denne veka.

– Hastar å få gjort noko

Både han og kommuneadministrasjonen var svært klare på at det hastar å få gjort noko med den sterkt trafikkerte riksvegbrua som bitt saman Kaupanger og Sogndal.

Kvar dag skjer det nestenulukker og farlege episodar på den smale brua, som manglar fortau og sykkelveg.

Loftesnesbrua

SMAL: Loftesnesbrua frå 50-talet er langt frå dimensjonert for dagens trafikbilete i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skal ha møte

Under folkemøtet i Sogndal, som omhandla arealdelen av den nye kommuneplanen, var brua og det trafikkfarlege området teke opp som eige tema.

Då kom det fram at kommunen om ikkje lenge skal ha eit møte om tilstanden, mellom anna for dei mange mjuke trafikkantane.

– Vi jobbar mellom anna med ein sykkelplan for Sogndal, men det er heilt klart at Loftesnesbrua er eit prioritert område frå vår side, slo ordføraren fast under møtet.

Vonar på ekstramidlar

I krysset på sentrumssida av brua har det dei siste åra vore fleire ulukker. Alle som skal til eller frå Hafslo og Luster må passere dette krysset, samstundes som det kjem mykje trafikk frå Kaupanger.

Vona til ordføraren er no at Loftesnesbrua skal få ekstramidlar frå Statens vegvesen, slik at ein raskt kan gå i gang med arbeidet med å prosjektere ei ny bru over den smale Barsnesfjorden.