Hopp til innhold

Farevarsel utvida: Åtvarar om utfordrande køyreforhold i Sør-Noreg

–Mykje is i sørlege delar kan føra til glatte vegar torsdag og fredag, melder meteorologane.

Farevarsel om is 15.02.2024
Grafikk: Meteorologisk Institutt
Grafikk: Meteorologisk Institutt

Meteorologisk institutt utvida torsdag føremiddag eit gult farevarsel for is i Sør-Noreg og varslar utfordrande køyreforhold i store deler av landsdelen.

Farevarselet strekk seg no frå Sauda i Vest, gjennom heile Agder og Telemark, til Austlandet nord for Oslo.

– Med lågtrykket som kjem inn frå sør i dag, kan det bli både regn, snø og underkjølt regn, skriv Meteorologisk institutt på X.

– Men resultatet blir for mange det same: Utfordrande køyreforhold.

Startar først heilt sør

Farevarselet har litt ulike startspunkt basert på kor i Sør-Noreg ein er, seier statsmeteorolog Julie Solvik Vågane.

– I Agder har det allereie starta, mens i vest er det venta å bli isete på vegane rundt lunsjtider. På austlandet kjem ikkje temperaturendringa før i kveld, seier ho.

Varselet gjeld ut lunsjtider fredag. Likevel kan det vera utfordrande køyreforhold også etter det.

– Me varslar først og fremst om dette overraskingsmomentet. Det kan likevel vera glatt utover fredag ettermiddag og kveld. Laurdag ser det ut til å bli fint, seier Vågane.

Les også Brøyta rekordmykje veg i januar – svarar til 40 turar rundt jorda

Brøyting Sognefjellet

Glatt start på vinterferien

Fredag er starten på vinterferien for mange i Sør-Noreg.

Statsmeterologen seier det ikkje ser heilt mørkt ut for dei som vil kome seg trygt til fjells.

– Eg vil anbefala å sjekke ut lokale vêr- og vegforhold og vurdere ut i frå det. Men skal du ut på vegen i dag eller morgon føremiddag bør du rekne ekstra god tid, seier Vågane.

Ho forklarar at det er underkjølt regn som er det skumlaste.

– Det er når regn legg seg på kald bakke og frys til umiddelbart. Det er vanskeleg å sjå på vegen, og med regn i lufta tenkjer kanskje bilføraren at det ikkje er glatt. Men det kan vera svært glatt, seier ho.